Nedgravne avfallskonteinarar

Berre abonnentar som er tilknytte eit renovasjonssystem med nedgravne avfallskonteinarar kan bruka desse. I konteinarane kan du kaste papp/papir, organisk avfall, plastemballasje og restavfall. Nokre har og tilgang på nedgraven konteinar for glas- og metallemballasje.

Brosjyre om nedgravne konteinarar (PDF, 686 kB).

Slik bruker du konteinaren
  1. Du “vekker” innkastet ved å ta handa midt på displayet.
  2. For å opne luka legg du brikka med flatsida på nedre del av “brikkebiletet” i displayet, evt dreg ho litt nedover

Hjelp til med å halda det reint og ryddig, og ikkje set igjen avfall ved konteinarane.

Dersom luka er stengd og ikkje noko anna luke for same avfallstype er tilgjengeleg – ta søppelposen med deg tilbake, så skal me ordna innkastet så snart me kan. Knyt alltid bioposen igjen før du kastar han i konteinaren. Pass på at luka går igjen etter bruk, eventuelt ved å gje henne ein liten dytt. Ikkje fyll oppi luka så mykje avfall eller så store gjenstandar at avfallet ikkje dett ned i konteinaren.

Mista brukarbrikke

Ta kontakt med styret der du bur, vaktmeisteren, eller med Innbyggarservice på mail eller på Rådhuset på telefon 51 77 60 00.

Hugs at brikka skal følgja huset/ husveret ved sal/utleige.

Mista nøklar eller anna i konteinaren

Ta kontakt med Innbyggarservice på mail, eller  på Rådhuset på telefon 51 77 60 00. Utan for opningstida til rådhuset, kan du ta kontakt med Time kommune si beredskapsvakt på telefon 901 68 099. Dei vil prøve å hjelpe deg.

Når blir konteinaren tømt?

Nedgravne konteinarar er så smarte at de melder frå sjølv når dei må tømmast.

Nedgravne konteinarar tømmast ikkje i rute, men etter fyllingsgrad. Dette skjer automatisk. Fyllingsgrad sendes kvar natt til sjåførane, som igjen tømmer når konteinaren melder 70% eller meir.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål kan du kontakta Innbyggarservice i kommunen.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00