Kommunale avgifter

Kommunale avgifter - faktura

Kva betaler du for?

Feieavgift: Avgift for feiing/branntilsyn.

Renovasjon: Avgift for renovasjon er betaling for at kommunen tek hand om avfallet ditt.

Avgift for vatn og avløp er betaling for at du har vatn i springen, avløp frå eigedommen og at spillvatnet (avløp) vert reinsa.

Avgift for slam er betaling for at kommunen tømmer septiktanken.

Kor ofte kjem det faktura?

Du som eig ein eigedom i Time kommune vil motta faktura på kommunale avgifter to gonger i året.

Faktura for første termin inneheld faste avgifter for perioden januar til og med juni. På denne fakturaen vil det i tillegg vera eit oppgjer på det du har betalt inn forskotsvis for vatn og avløp, utrekna mot det faktiske forbruket i fjor. Dette er grunnen til at du skal lese av og levera inn vassmålarstanden din i slutten av desember kvart år. Vassmålarstanden seier oss kor mykje det faktiske forbruket ditt av vatn og avløp har vore i løpet av året. Du betaler og forskot (akonto) for det forventa forbruket av vatn og avløp for første halvår. Fakturaen har betalingsfrist i slutten av mars.

Faktura for andre termin inneheld faste avgifter for perioden juli til og med desember. I tillegg til forskot (akonto) for det forventa forbruket av vatn og avløp for andre halvår. Fakturaen har betalingsfrist i slutten av september.

Kor finn eg fakturaen?

Dei som har efaktura og/eller avtalegiro finn opplysningar om faktura i nettbanken sin, eller i melding frå banken sin. Andre får faktura sendt til sin digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du ikkje har digital postkasse eller har reservert deg mot digital utsending, får du faktura sendt til din postkasse.

Du kan også finne fakturakopi for dei tre siste åra ved å logge på med ID-porten (MINID eller BANKID) frå Time kommune si nettside. Her kan du sjå dine fakturaer frå kommunen.

Kva tyder feieavgift/branntilsyn?

Viss du har eldstad kopla til pipeløpet betaler du for feiing og branntilsyn. For å ha ei jamn fordeling av utgiftene betaler du ei årleg avgift sjølv om feiing og branntilsyn vert utført med fire år mellom for kvar.  Det vil seie at du får besøk annakvart år (ein gong feiing og ein gong branntilsyn).

Kva tyder renovasjons-/vass-/avløps-/slam avgift – fast del

Dette er eit fast beløp alle som mottek desse tenestene må betala.

Kva tyder restavfall 120-/140-/240-/660 liter? (spesial-/medisinavfall)

Dette er den variable delen av renovasjonsavgifta, altså kva storleik avfallsbehaldaren din har.

Kva tyder vass-/avløpsavgift - målar

Det tyder målt forbruk av vatn/avløp førre år.

Kva tyder forventa forbruk vatn/avløp

Dette er førehandsbetaling av forventa forbruk vatn/avløp inneverande år.  Det er basert på forbruket ditt førre år.  For dei som innstallerte vassmålar seint i 2018, vert det estimert forbruk på 75 kubikk per termin.

Kva tyder vass-/avløpsavgift – areal

Viss du ikkje har installert vassmålar betaler du vass-/avløpsavgift etter stipulert forbruk. Frå 01.01.2019 vil dette vera på 450 m3 uavhengig av storleik på bustaden din.

Abonnentar som ikkje har målar på grunn av privat vassforsyning og gardsbruk som har målar men ikkje eigen målar for bustaden, skal betala avløpsavgift etter stipulert mengd, basert på arealgrensene som før (150m2, 300m2 og 450m2).

Kva tyder avløpsavgift mjølkerom/sanitær?

Viss du har driftsbygning kopla til offentlig avløp, betaler du fast avløpsavgift for 100 m3.

Kva tyder slam m3 tank?

Dette er den variable delen av slamavgifta, som er rekna ut frå kva storleik du har på slamtanken/septiktanken din.

Kva tyder gebyr ikkje avlesen vassmålar

Dersom du ikkje les av målaren eller målarane dine får du eit gebyr på kr 1500 per målar.

Kontaktinfo

Servicetorget
E-post
Telefon 51 77 60 00