Fråkopling av vatn og avløp ved riving

Ved riving av bygning som er tilknytta vatn og eller avløp må det søkast om fråkopling av vatn og avløp til kommunalt nett, anten det er permanent eller mellombels. Du må ha fått svar på søknaden før arbeidet kan startast.


Søknadsskjema for fråkopling av vatn og avløp ved riving.

Fråkopling skal utførast i tråd med KS Standard abonnementsvilkår for vann og avløp, Administrative bestemmelser, punkt 3.5 Opphør av tilknytning:

«Når privat vann- og/eller avløpsanlegg skal settes ut av drift, skal abonnenten sørge for at ledningen avstenges ved tilknytningen på hovedledningen eller der kommunen anviser. Kommunen kan i den forbindelse også kreve at private installasjoner på hovedledningen blir fjernet.

Kommunen kan foreta oppgraving og stenging for eierens regning dersom dette ikke blir utført av eieren av privat vann- og avløpsanlegg.»

Vassmålaren er kommunens eigedom og kan berre demonterast av kommunens driftspersonell eller andre som kommunen tillet.

Ta kontakt med beredskapsvakt for demontering av vassmålar og plombering av vassinntak.

 

Avgifter

Ved riving av bustad skal vassmålar demonterast og vassinntak plomberast. Når dette er gjort vil gebyret som gjeld vassbruk og vassmålarleige avsluttast.

Fastavgifta for vatn og avløp held fram så lenge eigedommen er kopla til nettet.

Blir det bygd ein ny bygning som erstatning for tidlegare lovleg tilknytta bygning, uten endring i vassmålerstorleik og/eller antal einingar, krevs det ikkje nytt tilknyttingsgebyr.

Om ein vil avslutta fastavgifta for vatn og avløp må abonnenten sørga for at stikkleidningen fysisk blir kopla frå hovudleidningen. Det må då søkast om nytt sanitærabonnement og betalast nytt tilknyttingsgebyr ved oppføring av ny bygning.

 

Dokumentasjon

Det må sendast ferdigmelding med innmålingar i SOSI-format i tillegg til bilete ved fråkopling.