Varsel om oppstart av planarbeid

Kort fortalt:

  • Den som skal lage ein reguleringsplan skal alltid informera dei som har eigedommar i området.
  • Bustadeigarar skal alltid informera vidare til eventuelle leigetakarar og andre som har rettigheiter på eigedommane innanfor planområdet.
  • Alle kan koma med si mening når kommunen eller andre startar opp arbeidet med ein reguleringsplan. Det vil vera ein frist/dato du må halda deg til. Denne datoen vil stå der planen vert varsla, anten via brev eller annonse i Jærbladet. Vanlegvis er denne fire veker frå varslingsdato.

Du kan lesa meir om korleis ein reguleringsplanprosess føregår i artikkelen Planprosess.

 

Sei di mening når arbeidet startar 

Du har størst moglegheit for å påverka utforminga av planen dersom du kjem med innspel når planarbeidet startar opp. Du sender då innspela dine til den som lagar planforslaget. Det er anten kommunen eller eit privat firma. Sett gjerne kommunen som kopimottakar ved innsending til private firma.

 

Nå kan du gi innspel til desse planane:

Detaljregulering (nye planar):

 

Finn du ikkje planen du leitar etter? Den kan ha koma lenger i planprosessen. Sjekk då under Høyring og offentleg ettersyn , Nylig godkjende planar eller Gjeldande reguleringsplanar. Om du ikkje finn planen kan det og henda at den er stoppa.

Du kan óg finne både gjeldande planar og planar under arbeid i vår kartportal. Bruk menyen øverst til venstre (tre horisontale strekar), trykk på "Plan" og huk av den informasjonen du ønskjer.

Kontaktinfo

Planavdeling
E-post
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00