Varsel om oppstart av planarbeid – Plan 0143.00 - Busetnadsplan for Sivdamområdet - Hovedportal

Varsel om oppstart av planarbeid – Plan 0143.00 - Busetnadsplan for Sivdamområdet

Time kommune  gjev med dette melding om at følgjande reguleringsarbeid er satt i gong i samsvar med § 12-14 i Plan- og bygningslova. 

Saka gjeld endring av Plan 0143.00 - Busetnadsplan for Sivdamområdet. Det vert og varsla noko vegareal innafor planane 0174.00, 0175.00 og 0098.00.  

Det varsla arealet er på 65,8 daa, og omfattar heile plan 0143.00 og tilgrensande vegareal i Arne Garborgs veg.   

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utviding av Sivdamsenteret. Føremålet er og å regulera dagens småhus (slitesterke bustader tilrettelagt for personer med utfordringar innan rus og psykiatri) som er etablerte på dispensasjon til eit permanent tiltak. Ny busetnad vil vera aktuelt innafor areal som er merka av på kartet.  

Tiltaket er vurdert å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) etter plan- og bygningslova § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing. 

Varslingsdokumenta finn de under "Vedlegg" under.

For nærmare informasjon om planarbeidet kan du kontakte Ingvild Kjosavik på telefon 928 00 077. 

Det vert arrangert open kontordag om planen og føreslått utviding av Sivdamssenteret den 28. mai kl. 12-17 på Time rådhus.  

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no. 

Frist for å senda inn merknader/innspel til planarbeidet er 19.06.2026. Det vil og vera mogleg å uttala seg om planforslaget når det vart lagt ut på høyring.

Vedlegg

Varsel om oppstart av planarbeid - Endring av Plan 0143.00 - Busetnadsplan for del av Sivdamområdet.docx (DOCX, 4 MB)

0143_Varslingskart_A2.pdf (PDF, 3 MB)