Alkoholpolitiske retningslinjer for 2020 – 2024

3 Sals- og skjenkebevilling i kommunen B Skjenkebevilling

1. Definisjonar Alminneleg skjenkebevilling 1: Alkohol med volumprosent alkohol til og med 60 Alminneleg skjenkebevilling 2: Alkohol med volumprosent alkohol under 22

2. Ei bevilling for kvar skjenkestad Det kan etter søknad gjevast alminneleg skjenkebevilling for øl, vin og brennevin til spisestadar og skjenkestadar i Time. Alminneleg skjenkebevilling må søkast for kvar skjenkestad, også om dei er lagde til same bygg og vert drive av same driftsselskap.

3. Kjøpesenter Det kan ut frå ei konkret vurdering gjevast alminneleg skjenkebevilling til spisestadar som ligg i kjøpesenter dersom dei er fysisk (bygningsmesseg) skilde frå fellesareala og opne rom i kjøpesenter

 

4. Kurs i ansvarleg vertsskap Dagleg leiar og alle som skjenker alkohol må ha gjennomgått og bestått kurset for ansvarleg vertsskap innan 01.06.2021. Nye tilsette skal fullføra kurset innan 6 månadar. På skjenkestaden skal det til ei kvar tid vera til stades ein ansvarleg person som har bestått kunnskapsprøva eller kurs i ansvarleg vertsskap. Kravet gjeld frå 01.06.2021.

5. Ambulerande skjenkebevilling (slutta selskap) Time kommune har 10 ambulerande skjenkebevillingar som vert disponerte av rådmannen, og som kan nyttast for ei enkel anledning til deltakarar i slutta selskap, jf. alkohollova § 4-5. Med «slutta selskap» meiner ein at det allereie, og før skjenkinga startar, er danna ein slutta krets av personar, som er samla for eit bestemt formål i eit bestemt lokale, for eksempel bryllaup, konfirmasjon, jubileum og liknande.

6. Skjenkebevilling for ei bestemt anledning (opne arrangement) Det kan ut frå ei konkret vurdering gjevast alminneleg skjenkebevilling 2 (øl og vin) for ei bestemt anledning under føresetnad av at arrangementet tek omsyn til barn og unge. Alminneleg skjenkebevilling 1 vert ikkje gjeve til denne type arrangement. Med «ei bestemt anledning» meiner ein tilstellingar og anna som går fram som eit klart avgrensa arrangement. Moment i ei slik vurdering vil vera tema, tidsramme og liknande. Det kan gjevast rett til utvida skjenketid til kl. 02.30 for ei bestemt anledning. I forbindelse med festivalar er det berre skjenkestadar med alminneleg skjenkebevilling som kan få skjenkebevilling for ei bestemt anledning, for eksempel for å skjenka på andre område enn skjenkelokalet. Etter ei konkret vurdering kan det og gjevast bevilling til arrangørar utan alminneleg skjenkebevilling for små og klart avgrensa arrangement, sjølv om arrangementet er knytt til ein festival. Ved søknad om bevilling til større arrangement må arrangøren legga ved søknad og eventuelt godkjenning frå politiet etter politilova. Frivillige lag og organisasjonar kan få skjenkebevilling for ei bestemt anledning til lokale arrangement. Det skal utpeikast ansvarleg styrar for skjenkebevillinga. Ved mindre arrangement kan kommunen bestemma at det er tilstrekkeleg med opplysningar om ein kontaktperson. Ved større arrangement skal skjenkestyrar ha godkjent kunnskapsprøve, sjølv om det ikkje er ein skjenkestad med ordinær bevilling som står for skjenkinga.

7. Skjenketider Den som får alminneleg skjenkebevilling 1 kan skjenka innan følgande tider: Drikk med volumprosent alkohol over 22: Måndag til sundag kl. 13.00–01.30 Drikk med volumprosent alkohol under 22: Måndag til sundag kl. 08.00–01.3

 

Den som får alminneleg skjenkebevilling 2 kan skjenka innan følgande tider: Drikk med volumprosent alkohol under 22: Måndag til sundag: kl. 08.00–01.30 Det vil vera mogleg å søka om fast utvida skjenkebevilling 1 til kl. 02.30 for ei avgrensa mengd skjenkestadar. Det totale delen skjenkestadar med fast utvida skjenkebevilling kan ikkje overstiga tre skjenkestadar. Dei aktørane som får fast utvida skjenking får følgande reglar: - Berre skjenkebevilling 2 (alkoholklasse 1-2.) frå kl. 00.00-02.30. - Utvida krav til vakthald for stadar med fast utvida skjenkebevilling til minst to godkjente vakter. Fleire vakter kan krevjast utifrå kapasitet og utforming av skjenkestad. - Alt serveringspersonell skal fortsatt ha utført kurs i ansvarleg vertskap. Utvida skjenkebevilling skal evaluerast og tildelast på ny kvart anna år. Prikkhistorikken skal avgjera om det er fleire søkarar på tilgjengelege bevillingar. Skjenkestaden må stenga seinast 30 minutt etter at skjenketida er gått ut. Normaltidene for skjenking i Time kommune gjeld også for bevilling gjeve etter alkohollova § 1-6 andre ledd siste punktum (ei enkel anledning) og § 4-5 (ambulerande bevilling).

8. Stadar som ikkje kan få skjenkebevilling I vurderinga av om det skal gjevast alminneleg skjenkebevilling for alkohol, skal det takast særleg omsyn til om skjenking kan vera uheldig for barn og unge. Som hovudregel vert det ikkje gjeve alminneleg skjenkebevilling til: - oppvekst/bustadområde utanfor sentrumsområda - gatekjøkken/storkiosk - idrettshallar/helsestudio og andre idrettsanlegg - aktivitets-/fritidssenter - delar av eit lokale som har aktivitetar særleg retta mot barn og unge - kino Det vert heller ikkje gjeve skjenkebevilling av nokon art til stadar som har stripping eller liknande som ein del av underhaldningstilbodet/driftskonseptet, til stadar som ikkje følger lovfesta minstelønn for serveringsbransjen, eller til klubbar som politiet meiner driv med kriminell verksemd.

9. Endringar i konsept Eventuelle endringar i skjenkestaden sitt konsept skal meldast til, og godkjennast av, Time kommune før endringa

 

10. Aldersgrenser For skjenkestadar utan matservering skal aldersgrensa vera 18 år etter kl. 23.00.

11. Uteservering Det må sendast inn eigen søknad om uteservering. Utforming av uteområda må vera i tråd med kommunen sine retningslinjer for utforming. Områda må og godkjennast av avdeling for Samfunns- og landbruksforvaltning.

12. Krav til vakthald Skjenkestadar med lite eller ingen matservering skal ha politigodkjent vakt etter kl. 22.00 og fram til stengetid i helgene. Etter ein konkret vurdering kan også skjenkestadar med matservering påleggast dørvakt i same tidsrom. Skjenkestadar med utvida skjenking til kl. 02.30 må ha minst to godkjente vakter frå kl. 00.00 til stengetid i helgene.