Alkoholpolitiske retningslinjer for 2020 – 2024

4 C Salsbevilling

1. Bevillingsinnehavar Salsbevilling for øl og annan alkoholhaldig drikk som inneheld over 2,5 til og med 4,75 volumprosent alkohol kan gjevast til daglegvareforretningar, bryggeri og spesialutsal i Time etter søknad.

2. Salstider Sal og utlevering av øl med meir som nemnd i pkt. 1 kan skje innanfor følgjande tider: Måndag–fredag: kl. 08.00–20.00 Dag før søn- og helgedag, unntatt Kristi himmelfartsdag: kl. 08.00–18.00 Det er tidspunktet for betaling i kassen som er avgjerande. Sal av øl og annan alkoholhaldig drikk skal ikkje finna stad på søn- og helgedagar, 1. og 17. mai. Om kva som reknast som helgedagar, sjå helligdagfredlova § 2.

3. Sal på internett Det vert ikkje gjeve salsbevilling for sal av øl på internett. Det vert ikkje gjeve salsbevilling for sal av øl levert heim til kjøpar.

4. Vinmonopolet Salsbevilling for brennevin, vin og øl med alkoholinnhald over 4,75 volumprosent kan gjevast til AS Vinmonopolet. Departementet har fastsett at Time kommune har anledning til å gje AS Vinmonopolet bevilling til ein utsalsstad i kommunen. Departementet fastset opningstidene for AS Vinmonopolet sine utsalsstadar.