Alkoholpolitiske retningslinjer for 2020 – 2024

2 Sals- og skjenkebevilling i kommunen A Felles

A  Felles

 

1. Bevillingspolitikken Time kommune skal føra ein bevisst bevillingspolitikk for sal og skjenking av alkohol i kommunen.
2. Bevillingsperioden Eksisterande salsbevillingar skal gjelda vidare utan ny søknad fram til 30. september 2024, jf. alkohollova § 1-6 tredje ledd. Før salsbevillingane vert forlenga vil kommunen innhenta uttale frå politiet. Dersom politiet har merknadar som kan tyda på at ein salsstad ikkje lenger oppfyller krava til vandel i alkohollova § 1-7 b og § 1-7 a første ledd, vil denne bevillinga ikkje verta forlenga. Den aktuelle staden må søka på nytt innan fristen som vert sett av kommunen. Formannskapet kan gje bevilling for sal og skjenking til stadar som ikkje er omfatta av første ledd for ein periode på 4 år, frå og med 01.10.2020 til og med 30.09.2024. For skjenkestadar som etter punkt II b nr. 7 får fast utvida skjenketid fram til kl. 02.30, gjeld bevillinga for to år om gongen, første gong fram til 30.09.2022.

3. Kontroll Kontroll med bruken av bevillingane vert utført av Rogaland brann og redning IKS og Utval for levekår.
 

4. Kunnskapsprøva Ei alminneleg sals- eller skjenkebevilling kan ikkje takast i bruk før styrar og stadfortredar for styrar har bestått kunnskapsprøva om alkohollova, og er endeleg godkjent jf. alkohollova § 1-7 c tredje ledd.

5. Omsetning og rekneskapstal Dei som får sals- eller skjenkebevilling pliktar å gje kommunen årleg oversikt over omsetning/reviderte rekneskapstal.

6. Bevillingsgebyr Bevillingsgebyret for bevilling til skjenking ved ei enkel anledning og ambulerande bevilling vert sett i samsvar med reglane i alkoholforskrifta § 6-2. Per 01.01.2020 er gebyret for ambulerande bevilling (slutta selskap) kr. 380,-. Beløpet vert endra i samsvar med endringane av satsen i forskrifta § 6-2 andre ledd siste punktum. Gebyr for ei enkel anledning (opne arrangement) vert sett etter reglane i forskrifta § 6-2, minimum kr. 5300,- per 01.01.2020. Gebyret for ei enkel anledning vert likevel sett lågare med heimel i forskrifta § 6-2 andre ledd andre punktum for følgande mindre arrangement: Inntil 150 gjester: kr. 380 150-500 gjester: 380x3 kr. 1140 Beløpa skal justerast i samsvar med endringane i § 6-2 andre ledd siste punktum av satsen for ambulerande bevilling. Ved søknad om utviding av eksisterande skjenkeareal eller utviding av skjenketid for ei enkel anledning vert gebyret sett til kr. 380,- per 01.01.2020.

7. Internkontroll Innehavarar av sals- og skjenkebevilling må sørga for at krava til internkontroll i alkoholforskrifta kap. 8 vert følgde.