Alkoholpolitiske retningslinjer for 2020 – 2024

1 Generelt

Time kommune skal stå for ein alkoholpolitikk som tek både helse-, sosial-, kultur- og næringspolitiske omsyn, i tråd med formålet i alkohollova.

Reguleringa av innførsel og omsetning av alkoholholdig drikk etter alkohollova har som mål å redusera så mykje som mogleg dei samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan føra til. Som eit ledd i dette siktar lova på å redusera forbruket av alkohol.

Dei alkoholpolitiske retningslinene for sals- og skjenkepolitikken skal medverka til mest mogleg føreseieleg og lik behandling av søknader og reaksjonar etter kontroll med sals- og skjenkestadene.