Varsel om forsinkingar og mogleg nedetid

Grunna nødvendige systemoppdateringar, kan det oppstå forsinkingar og nedetid i nokre av dei digitale tenestene våre i perioden fredag 26. mai-måndag 5. juni. Det kan oppstå forseinking i saksbehandling, og postlister og møtesaker kan verta utilgjengelege på nettsida vår i perioden. 

Me beklagar eventuelle ulemper dette medfører. 

Sivdammen helsebasseng stengt fredag 2. juni til og med tysdag 6. juni

På grunn av teknisk feil må Sivdammen helsebasseng dessverre stengast frå fredag 2. juni til og med tysdag 6. juni. Kjøpte billettar til bading vert refundert.

Bryne symjehall

Bryne symjehall finn du i bygget til Bryne ungdomsskule.

Bassenget er på 25 meter, er 2,7 meter djupt og har fem banar. Temperaturen i vatnet ligg på 27 grader. Det er ikkje låsbare skap i garderobane.

Opningstider
  • Tysdag og fredag kl. 18.00 - 19.00
    Familiebading og bading for jenter og gutar opp til 16 år
  • Tysdag og fredag kl. 19.00 - 20.00
    Bading for vaksne
  • Stengt for offentleg bading måndag, onsdag, torsdag, laurdag og sundag

Bryne symjehall held stengt når skulane har ferie/fridagar. For endring av opningstider på kort varsel, sjekk vår Facebook-side.

 

Kjøp billett
Billettprisar symjehallane
Billett Pris
Barn og vaksne 50

KJØP BILLETT

Du kan og kjøpa billett i døra og betala med kort.

Ordensreglar
  • Det er ikkje tillate å bruka sko i garderobar eller symjehall
  • Alle som badar må ha full hår- og kroppsvask med såpe og utan badetøy før ein går i bassenget eller badstua. Det er påbode å dusja etter badstua dersom ein skal i bassenget etterpå
  • Det er påbode med badehette i symjehallen
  • Personar med opne sår, plaster og bandasjar har ikkje tilgang til bassenget
  • Personar med fotvorter, må dekke til desse med pose eller sokkar både i garderobar og i symjehallen
  • Ikkje gå i badstua eller bassenget om du føler deg uvel
  • Personar med smittsamme sjukdommar har ikkje tilgang til bassenget
  • Barn under 10 år skal ha følgje med vaksne. Det same gjeld dei over 10 som ikkje er symjedyktige.
  • Eting, røyking, tyggegummi, snus eller anna som kan forureina er ikkje tillate i basseng og garderobar
  • Rusmidlar er forbode
  • Det er ikkje lov å springa på kanten
  • Dytting og neddykking av andre er forbode
  • Det er ikkje lov å bruka kamera, mobil eller nettbrett
  • Ansvarleg for kvar gruppe skal sjå til at gjeldande ordens- og sikringsreglar vert følgde, og eventuelt visa bort personar som ikkje rettar seg etter desse

 

Bryne symjehall

 

Adresse

Sveinsvollsvegen 5
4340 Bryne

Kart