Træe på Line

Træe (av trede eller inngjerda jordstykke) er husmannsplass og kårstove frå ca 1780. Det er truleg det mest malte og fotograferte huset på Jæren.

Huset er eit jærhus som var i bruk fram til like etter 1900. I 1997 vart huset gjennomgåande restaurert, og fungerer i dag som museum.

 

Opningstider
  • Kvar sundag i juli: Kl. 13-16
  • Sundag 6. august og sundag 13. august: Kl. 13-16.
  • Resten av året etter avtale. Kontakt Time kommune,  post@time.kommune.no / tlf. 51 77 60 00
Billettprisar
Billettprisar Træe
Billett Pris
Vaksen 10 kr
Honnør/student 5 kr
Under 18 år Gratis

 

 

Historikk

TRÆE HUSMANNSPLASS OG KÅRSTOVE – EIT JÆRSK SÆRMERKE

Træe kjem av trede, plass å trø eller gå for menneske og dyr; men kan òg tyda inngjerda jordstykke, eller veg med steingjerde på sidene.

Kort historikk
Huset, som først låg ca 30 meter lenger aust, er bygd ca 1780 på skrinn jord. Det var husmannsplass under Line iallfall fram til 1863, og det høyrde femten-tjue mål dårleg jord til. Tidleg på 1800 talet budde det mange menneske i det vesle huset: Husmannen Johannes Ellingsen Hognestad (1773-1859) og kona Inger hadde 7 born! Den siste husmannen på Træe var sonen til Johannes, Kristian Johannesen Hognestad (1818-1868). Han budde på Træe saman med syster si. Etter dei vart huset kårstove for Jon Line V og kona Elen og borna deira. Dei var foreldra til Jon VI, journalisten og forfattaren.

Den neste oppsitjaren på Træe var handelsmann og urmakar Theodor Guttormsen, som budde der med familien sin. Sonen hans, Theodor han òg, vart seinare ein kjend journalist, skribent og forfattar på Jæren under namnet Theodor Dahl. Familien flytta frå staden då faren døydde.

”Fille-Kristian”, Kristian Aga, budde på Træe i tre-fire år rundt århundreskiftet. Då var huset temmeleg til nedfalls, og etter rundt 1910 har det ikkje budd nokon på Træe.

Arne Garborg skriv i 1919 om huset i Dagboka, (Knudaheidagbok, s 188):
«... Av det gamle Line er ingenting att nå lenger (så nær som ei gammal ramleferdig husmannshytte med fjøler for vindaugo) …»

Bror til Jon, Ommund, gav Træe til Time kommune i 1951. Kravet med gåva var å halda plassen ved like for all framtid. Huset vart så sett i stand, mellom anna vart det raudmåla for første gong.

I 1997 vart Træe gjennomgåande restaurert av Time kommune. Rådgjevande arkitekt var Per Line. Træe vart gjenopna som museum på Jonsokdagen 1998. Det vart beisa grått, ein farge som med åra skal gje den grålege, umåla overflata det opphavleg hadde.

Huset
Træe er eit tradisjonstru jærhus. Det har sidtòke med torvskut mot nord, og steinmur på tre av sidene. Kjøkenet har jordgolv og stor grue. Til vern mot isande vintervindar var steinveggene der klinte med leire på innsida.

Frå grua er det opning til bileggaren i stova. Den er frå Bærums Verk, og bokstavane AK står for Anna Krefting (1683-1766), som åtte jernverket frå 1712 til 1762. Bokstavane med kongekrona er stempelet til Kong Frederik V (1723-1766), konge i Danmark /Norge 1746-1766. Anna var ein sann kongeven.

Stova er ein lafta firkant av tømmer, med golvplank og bordkledd tak. Det tidsrette inventaret er frå Time bygdemuseum på Undheim. Stoveloftet med eit teppe av lyng var soveplass. Varmen frå stova under gav litt «sengevarme» i lyngen. Under bjelkegolvet i stova er det eit tjukt lag med sand.

Høyløa, som er samanbygd med huset i den søraustre enden, har grindkonstruksjon, det same har kjøkkendelen. Merk panna med glas i på nordsidetaket! Fjøset er svært enkelt, og er bygt inn i bakken, med plass til to små kyr. Det har grastak og ein enkel landkumme. Brunnen er på andre sida av Hauglandsvegen, i Jonshagen. Grunnvatnet stod alt for djupt i den steinete morenejorda rundt huset til å grava brunn der. Vatnet til menneske og dyr måtte dermed berast kvar dag. Det var eit slit.

Husmannsvesenet på Jæren
Husmannsvesenet kom til Jæren på 1600-talet. I folketeljinga i 1801 var det registrert 40 000 husmenn i Noreg. Ordninga var meir utbreidd andre stader i landet enn her på Jæren, der det var få husmenn etter måten. Gardane her var då òg mindre enn på Austlandet og i Trøndelag.

Oskeladden – jærsk «Oskefisen» - er vår mest kjende husmannsgut, men her på Jæren kunne han faktisk vinna prinsessa utan å utføra storverk. Ekteskap på tvers av eit vagt klasseskilje var ikkje uvanleg. Ein husmann kunne vera ein som bygsla hus og tomt av eigaren mot å gjera teneste på garden eller betala ein viss sum i året. Då hadde han litt jord som han dreiv, saman med nokre få husdyr; kyr, sauer og høner. Men det var også husmenn som ikkje hadde jord. Husmennene kunne òg vera yngre søner frå garden som husmannsplassen høyrde til på. Jorda på husmannsplassane kunne vera skrinn og gje dårleg utkome. Husmennene var fattige. I 1875 var det 54 husmenn med jord i Time, i 1920 var det berre tre att. I 1928 kom det ei lov som gav husmennene rett til å løysa inn plassane sine. Siste husmannen i Time døydde i 2013!

Jærhuset
Jærhuset er vårt mest lokale bustadhus. Det er både funksjonelt og vakkert. Huset med skutane er karakteristisk for det trelause flatlandet: «..., låge, einhøgda hus som kryp i hop oppetter bakkar og rés, som søkjande livd…» (frå Fred av Arne Garborg); og både konstruksjon og plassering har nettopp teke omsyn til dette på eit vêrhardt Jæren. Møneretninga nordvest/søraust skulle saman med sidtòka ta av for vintervindane, slik at husa ikkje vart for nedkjølte.

Materialbruken var prega av lite trevirke, det var stein og halm- eller sivkledning, kalla halje, og never med grastak som utgjorde byggemateriala. Stova var gjerne av tømmer, medan endane var grind med steinmur – og med sidtòke som kvilte nedpå muren.

Etter 1700-talet kom så trepanelet, og det var helst liggjande panel, sidan det var lettare - og billegare - å flikka på når bord måtte erstattast. Det var helst det nedste bordet som rotna. På nordsida, baksida, vart det ofte brukt ståande panel av ein dårlegare kvalitet. Etter som tida gjekk vart husa større og meir symmetriske, utan sidtòke. Takstein frå lokale verk på Sandnes og Åsland vart vanleg på 1800-talet, og det vart i tillegg brukt flat teglstein på endeveggene, gavlane. Endeveggene på skutane var stadig av stein.

Den vanlegaste fargen på dagens jærhus er kvit. Men før det var jærhusa tjørebreidde eller ubehandla. Den typiske skuten var eit utrom, og ikkje ein del av det indre huset. Skuten var lagerplass for torv. Det isolerte om vinteren, og kjølte om sommaren. Nokre få jærhus hadde kjellar med full høgd og innvendig brunn, slik som t.d. Garborgheimen.

Dei større jærhusa var midtgangshus med hovudinngang på sørsida, og dagleginngang på nordsida. Det var berre oppvarming i den eine halvdelen av huset, der grua, omnen og pipa var.

Træe er eit husmannshus, det er temmeleg lite og spartansk, men det er eit eineståande døme på funksjonell, jærsk byggeskikk på sitt beste, og står på sin vêrharde plass som eit minnesmerke over ei tid som for lengst er forbi…

Adresse

Hauglandsvegen 8
4346 Bryne

Kart