Bryne Mølle

Du kan leiga Bryne Mølle til eigne arrangement som selskap, bryllaup, møte, konsert eller seminar.

Bryne Mølle ligg sentralt til i nedre enden av Storgata, midt i Bryne sentrum. Utleigelokala er i første etasje og består av Sekkelageret, der det kan dekkast til 120 personar, og kafeen, der det kan dekkast til 80 personar. 

Bestill Bryne Mølle

Vil du leiga Bryne Mølle tek du kontakt med Innbyggarservice:

E-post: service@time.kommune.no
Tlf: 51776000

Informasjon og reglar

Aldersgrense

  • Det er 30 års aldersgrense for å få leiga Bryne Mølle  

Skjenkeløyve

Publikumskapasitet og branninstruks

Det er to lokale i Bryne Mølle, Sekkelageret og kafeen. Kapasitet ut frå brannteknisk rapport er:

  • 120 personar ved bordoppsett i Sekkelageret
  • 80 personar ved bordoppsett i kafeen
  • Det kan maks vera 400 personar + vakter og artistar til saman i desse to lokala ved samtidig bruk. Lokala må då vera umøblert

Alle rømmingsvegar må vere frie. Møbleringa må ikkje stenga for nødutgangane. Ansvarleg leigetakar skal gjera seg kjend med branninstruks og kor i bygget brannsløkkingsutstyr og rømmingsvegar er. Teikningar over rømmingsvegane og branninnstruks heng ved brannsentralen som heng til venstre når du kjem inn hovudinngangen.

Rydding, vasking og søppelhandtering

  • Leigetakar er ansvarleg for rydding og vasking, utanom vask av golv og toalett som er inkludert i prisen. Merk at golvet skal moppast der det har vore sølt. Utstyr til dette finn du i gangen ved kjøkkenet. Dersom det er oppkast, avføring eller blodsøl skal leigetakar vaska vekk dette. Uteområdet skal også ryddast for søppel, sigarettavfall og liknande
  • Bord og stolar i Sekkelageret skal vere reine når dei vert lagt i saman på bordtralla og stolar skal stablast inntil veggen
  • Leigetakar tek med seg alt som er tatt med til Bryne Mølle, også tomgods og panteflasker
  • Alt utstyr som har vorte nytta skal vaskast og setjast på plass, også kaffikolbane. Følg vaskeinstruks ved oppvaskmaskina
  • Leigetakar skal gjera reint stolar og bord, kjøkkenbenk, og det som er blitt brukt på kjøkkenet
  • Bord og stolar skal setjast på plass. I Sekkelageret stablast dei inntil langveggen. I Kafeen skal dei plasserast slik teikninga ved kjøkkenbenken viser
  • Sløkkja alle lys. Hugs lysbrytarane i kjellaren: ein ved trappa ned frå Kafeen og ein ved herretoalettet
  • Sjå til at ingen støpsel står i, for eksempel i kaffitraktar
  • Søppelet skal kastast i stor, svart søppeldunk på utsida av inngangsdøra til Sekkelageret

Tider

  • Leigetakar må vera ute av lokala før kl 03.00. Då skal lokala vere ferdig rydda.  Alt utstyr som leigetakar har tatt med skal tas ut same kvelden. Dersom leigetakar ikkje er ute av lokala og alarm vert løyst ut vert rekning for utrykking sendt leigetakar
  • Laurdagar kl 12.00 -16.00 og sundagar kl 13.00 – 17.00 er det ope i galleria i 2. og 3. etasje, publikum vil nytta inngangen til kafeen for koma opp til utstillingane

Avbestilling

  • Om lokalet vert avbestilt mindre enn 14 dagar før leigedato vert leigetakar belasta med leigesummen

Erstatning

  • Øydelagt inventar og utstyr kan føra til erstatningskrav.
  • Dersom leigetakar ikkje er ute av lokala og alarm vert løyst ut vert rekning for utrykking sendt leigetakar
  • Dersom leigereglane ikkje vert haldne kan kommunen leige inn private reingjeringsbyrå på leigetakar si rekning
Utstyrsliste

Kjøkkenet:
Komfyr (induksjon)
Varmeskap
Oppvaskmaskin
Kaffitraktar
1 stk kjøleskap

150 tallerkenar (28 cm)
150 tallerkenar (22 cm)
150 suppeskåler
150 krus
150 vinglas
150 vassglas
4 stk glasskåler 
150 av kvar, gaffel, kniv, suppeskei, kaffiskei
1 stk brødkniv
3 stk øser
2 stk sakser
Skjerefjøl
8 glasmugger
8 kakespadar
9 par salt /peparbørse
8 kakefat
5 tv-kanner á 1,9 l

Kafeen:
15 stk småbord (90x90 cm)
150 stk stolar (til saman i kafeen og Sekkelageret)

Sekkelageret:
22 stk konferansebord (80x120 cm)
150 stolar (til saman i kafeen og Sekkelageret)

Lydutstyr:
I sekkelageret er det eit enkelt lydanlegg som du kan kopla deg til via bluetooth eller medbrakt kabel. Eventuell mikrofon må leigast inn frå eksternt firma.

Internett:
Det er trådlaust internett i heile bygget

Projektor:
Det er ikkje projektor eller skjerm i Bryne Mølle. I Sekkelageret er det lerret.

Leigeprisar

Utleigeprisar

Utleigeprisar Bryne mølle - til andre
Måndag, tysdag, onsdag torsdag + sundag Pris
Kafeen eller Sekkelageret før kl. 17 2200 kr
Kafeen eller Sekkelageret heile dagen/kveld 3200 kr
Kafeen + Sekkelageret før kl. 17 2600 kr
Kafeen + Sekkelageret heile dagen/kveld 3600 kr
Fredag og laurdag
Kafeen eller Sekkelageret før kl. 17 2200 kr
Kafeen eller Sekkelageret heile dagen/kveld 4200 kr
Kafeen + Sekkelageret før kl. 17 2600 kr
Kafeen + Sekkelageret heile dagen/kveld 5200 kr

I forbindelse med bryllaup og konfirmasjon kan lokala (Sekkelageret og kafeen) leigast frå kl 17.00 dagen før til ein pris på kr 1500,-, for begge lokala. 

Utleigeprisar til lag og foreiningar i Time, Klepp, Hå og Gjesdal

Utleigeprisar Bryne mølle - lag og foreiningar i Time, Klepp, Hå og Gjesdal
Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og sundag Pris
Kafeen eller Sekkelageret før kl. 17 800 kr
Kafeen eller Sekkelageret heile dagen/kveld 1300 kr
Kafeen + Sekkelageret før kl. 17 1000 kr
Kafeen + Sekkelageret heile dagen/kveld 1700 kr
Fredag og laurdag
Kafeen eller Sekkelageret før kl. 17 800 kr
Kafeen eller Sekkelageret heile dagen/kveld 1800 kr
Kafeen + Sekkelageret før kl. 17 1300 kr
Kafeen + Sekkelageret heile dagen/kveld 2400 kr

Sekkelageret og kafeen kan leigast til øvingslokale. Ta kontakt for eigen avtale.

Prisane gjeld frå 01.01.2017.

Adresse

Bryne mølle
Reevegen 1
4340 Bryne

Kart