Demensarbeid

Har du eller ein av dine næraste behov for samtale, rettleiing og vurdering i forhold til demenssjukdom?

Demenskoordinator og hukommelsesteam

Demenskoordinator

Demenskoordinator skal fungera som bindeledd mellom personar med demens, deira pårørande og dei ulike delane av tenestene. Demenskoordinator er leiar for hukommelsesteamet og oppfølging etter demensdiagnose.

Demenskoordinator er også ansvarlig for:

  • Brukar og pårørandeskule
  • Samtalegrupper
  • Aktivitetsvenn
  • Demensvennleg samfunn

 

Hjelp til utgreiing av kognitiv svikt/demens kan gjerast ved å kontakte demenskoordinator

Regelmessig oppfølging og rettleiing vedrørande det å leva med demenssjukom. Oppfølginga vert gjennomført ved planlagte samtaler med brukar og pårørande for å avklare situasjonen og avdekke eventuelle hjelpebehov

Hukommelsesteam

Hukommelsesteamet i Time kommune består av demenskoordinator, ergoterapeut og hjelpepleiar. Lege er også tilknytt teamet.

I Time kommune er det fastlegen som viser deg til hukommelsesteamet dersom det er behov for kartlegging og utgreiing.  

Kva kan hukommelsesteamet gjera?

  • Fast kontaktperson frå hukommelsesteamet
  • Kan lytta til deg og din familie
  • I samarbeid med fastlegen bidra til at flest mogleg får stilt riktig diagnose, og dermed sikra rett behandling.
  • Kan gje råd og rettleiing
  • Væra med å finna eit best mogleg tilrettelagt tilbod ut frå personen (eventuelt pårørande) sitt behov
  • Væra eit bindeledd mellom pasient, pårørande og hjelpeapparatet


Fysio-/ergoterapitenesta kan hjelpe til med tilretteleging av hjelpemidlar som kan lette dagleglivets gjeremål

Korleis foregår ei utgreiing av demens?

Hukommelsesteamet kjem på heimbesøk etter avtale med deg og pårørande. Heimebesøket tek ca. 2 timar med samtale og kartlegging av følgande:

  • aktivitetar i dagleglivet
  • tryggleik i bustaden
  • ulike testar (MMS, klokketest mm.)
  • pårørande sin situasjon
  • nettverk
  • hjelpebehov


Etter heimebesøket ferdigstilles innsamla data og utgreiingspapira vert sendt til fastlegen for vidare behandling.

I etterkant av utgreiinga vil det i dei fleste tilfella vera behov for eit oppsummeringsmøte med alle involverte partar. Hukommelsesteamet bestillar tid for møte hos den aktuelle fastlegen.

Det er fastlegen som informerar pasient og pårørande om resultatet.

Aktuelle hjelpetiltak frå kommunen

Kommunen har ulike hjelpetiltak som kan vera aktuelt å bistå ein person med demens:

  • Personar med demens kan få kontakt med frivillige gjennom ordninga Aktivitetsvenn.  Les meir her på Nasjonalforeningen for folkehelse sin nettside
  • Ulike dagaktivitetstilbod gjer moglegheit til å få betre struktur på døgnet, delta på ulike aktivitetar, regelmessige måltider og sosial samankomst. Dagtilbod til personar med demens
  • Det kan vera aktuelt med hjelp i frå heimesjukepleien eller heimehjelp for å kunna bu heime
  • Tryggleiksalarm eller GPS kan vera eit nyttig hjelpemiddel
  • Avlastningstilbod i sjukeheim når pårørande har særleg tyngande omsorgsoppgåver
  • Langtidsopphald i sjukeheim kan vera eit aktuelt tilbod for personar som ikkje lenger kan bu heime.

 

 

Støtte til pårørande

Mange kan ha nytte av å læra meir om korleis man snakker med personar som har demens. Ei nettside på Helsenorge.no har samlet gode tips. Vidare kan du finne informasjon om ulike nasjonale og lokale tilbod for pårørande til personar med demens.

Demenslinjen
Kva rettigheter har du som pårørande? Trenger du nokon å snakke med? Demenslinjen er tilgjengeleg for alle i Norge.

Ring demenslinjen på telefon: 23 12 00 40.

Nasjonalforeningen for folkehelse Jæren demensforening

Demensforeininga skal vera ein stad der pårørande til demenssjuke og den sjuke sjølv kan møta andre i same situasjon, få opplysningar om sjukdommen og hjelpeapparatet og få svar på spørsmål.
Ein stad der pårørande kan få støtte og styrke til å meistre kvardagen.

Møtene har alltid eit fagleg tema med eksterne forelesere og rom for sosialt samvær. Invitasjon sendes til medlemene og publiseres på Nasjonalforeningen for folkehelse Jæren demensforening sin facebookside

Bruker- og pårørandeskule

I samarbeid med Jæren demensforening og kommunene Klepp, Gjesdal, Hå og Time vert det arrangert brukar- og pårørandeskule. Brukar- og pårørandeskule holdes både haust og vår, med fem samlingar med undervisning og gruppesamtaler.

Skulen går over fem kveldar frå klokka 17:00-19:30.
Pris: 300,- pr. person og 100,- pr person for medlemmer i Jæren demensforening.

Bli medlem send mail til: jaeren.demensforening@gmail.com

Undervisningsstad:
Time kommune
Adresse: Time Rådhus, Arne Garborgsveg 30, 4349 Bryne
 

Folder til brukar- og pårørandesskule våren 2024 (PPTX, 2 MB)

 

Kontakt:

Demenskoordinator, Bente Dagmar Aaberg Lura

E-posSend e-post til demenskoordinator@time.kommune.no

Telefon +47 51 77 60 87

Mobil +47 90 40 71 10

Demenskor

Julekonsert med demenskoret Minneblomen og Kjell Elvis, tysdag 19. desember kl. 12.00 (DOCX, 370 kB)
Billetter kan på førehand kjøpast på Time frivilligsenter kafe og aktivitet.

OM DEMENSKORET “MINNEBLOMEN”

Er du glad i musikk?

Då kan du verta med i koret “Minneblomen”.

Kvar øver me?

Øvingane er på Sivdammen, Røyrvika 10, Bryne, på tysdagar mellom kl. 17.00-19.00
Sosialt samvær etter øvingane med kaffi, drøs og lett servering.
Tilbodet er gratis.

Kven treff du?

Korleiar: Torill Lode Bøylestad
Pianaist: Afron Owen
Frivilligkontakt: Anita M Stokdal
Eldsjel: Ingvild Fjelde

Påmeldingsskjema til demenskoret “Minneblomen”

Ta kontakt med demenskoordinator Bente Dagmar Lura, mobil 904 07 110 eller e-post: demenskoordinator@time.kommune.no

 

 

Demensvennleg samfunn og kurstilbod

Time kommune har som mål å verta eit demensvennleg samfunn. Du kan lese meir om demensvennleg samfunn ved å klikke på denne linken.

Kurset tar for seg korleis ein gir god service til personar med demens

e-læringskurs om demensvennleg samfunn (helsekompetanse.no)

Time kommune arrangerar kurs for bedriftar, verksemder eller andre som i sitt daglege virke kan møte personar med ein demensdiagnose. Ved å delta på kurset bidreg du til ein berekraftig utvikling av samfunnet. Å legge til rette for at eit aukande tal personar med demens kan delta i samfunnet skapar gode kvardagsliv for dei det gjeld. I tillegg er det nyttig for tilsette å få kunnskap og råd som gjer møtet med ein person med demens lettare for begge parter. 

For meir informasjon ta kontakt med demenskoordinator, Bente Dagmar Lura på epost demenskoordinator@time.kommune.no eller mobil 904 07 110

Samiske personar og minoritetsbefolkning

Aldring og helse har nyttig informasjon til både pårørande og helsepersonell om korleis ein møtar minoritetar som har demenssjukdom. Les meir på deira nettsider  https://www.aldringoghelse.no/demens/minoriteter/

Aldring og helse har laga informasjonsmateriell og utgreiingsgsverktøy for samisk språk og kulturforståing https://www.aldringoghelse.no/demens/samisk/

Kontakt oss
Telefonnummer Hukommelsesteam
Demenskoordinator E-post Telefon
Bente Dagmar Aaberg Lura demenskoordinator@time.kommune.no 51 77 60 87 /904 07 110

 

Kontaktinfo

Bente Dagmar Aaberg Lura
Førstekonsulent
E-post
Telefon 51 77 60 87
Mobil 90 40 71 10
Teneste- og samordningskontoret
E-post
Mobil 47 60 81 60
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00

Adresse

Røyrvika 12, 4344 Bryne