MeistringssenteretDersom du har behov for hjelp når det gjeld psykisk helse og/eller rusproblem kan du ta kontakt med Meistringssenteret.Søknadskjema Kontakt oss Telefon Psykisk helse og rusarbeid Avdeling Telefonnummer Meistringssenteret - psykisk helse og rusarbeid 905 35 897 Svendsenhuset aktivitetssenter 915 28 231 Kolheia bufellesskap og ambulerande tenester 970 06 859 Røyrvika omsorgsbustadar 957 52 648 Svertingsstad bofellesskap 954 96 086 Kven har rett på tenester frå Meistringssenteret? Psykisk helse og rusarbeid gjer tenester til personar: over 18 år som er i ei vanskeleg fase i livet som har, eller står i fare for å utvikla, ei psykisk liding over 18 år som har, eller som står i fare for å utvikla, eit rusproblem pårørande som treng støtte eller råd ungdom mellom 16 og 25 år som står i fare for- eller har utvikla eit rusproblem, kan ta direkte kontakt med avdelinga dersom dei har behov og ynskje om hjelp. Dersom du er under 18 år, og har behov for psykisk helse/rusarbeidtenester, kan du ta kontakt med Familiesenteret eller Ungdomsteamet. Korleis søker eg tenester? Du kan søka tenester på søknadsskjema eller gå via fastlegen. Søknadsskjema finn du her på nettsida. Kva er psykisk helse og kva er psykisk lidingar? Psykisk helse er evna til å fordøya påkjenningar i livet. Psykiske vanskar og lidingar kan utvikla seg når livet vert tungt fordøyeleg. Me kan hjelpa deg å finna ut om det du strevar med ein normal reaksjon på ei uvanleg påkjenning, eller om du treng vidare hjelp frå oss i psykisk helseteneste. Kurs Påmelding til introkurs Assistert selvhjelp over 4 dager - novemberPåmelding til stressmestringskurs over 4 dager (november-desember)Påmelding til introkurs Assistert selvhjelp over 4 dager (desember-januar) Kva kan eg få hjelp til? Kartlegging av hjelpebehov Mestringsorienterte samtalar Handtering av medisin Lavterskel tilbod, Svendsenhuset (PDF, 298 kB) Individuell plan og ansvarsgrupper Støtte til pårørande Oppfølging av personar som er under behandling, til dømes innan TSB (tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidelser), Rusarbeid og ettervernstilbod (PDF, 28 kB) Finna aktivitetar med meining Strukturera kvardagen Tilvising til vidare behandling i spesialisthelsetjenesta (rusvern) Boligoppfølgar som kan hjelpa deg med utfordringar knytta til å skaffe og halda på bolig, Buoppfølging (PDF, 117 kB) Individuell Jobbstøtte (IPS) IPS ung er eit tilbod til personar frå 16 til 30 år med moderate til alvorlege psykiske helseproblem, og/eller rusproblem, som ønkjer hjelp til å koma i arbeid eller behalde ordinært lønna arbeid. Time kommune har ein eigen jobbspesialist som er tilsett i NAV, men har arbeidsstad og kontor på Meistringssenteret. Jobbspesialisten kan nås på mobilnr. 922 05 028 Oppdatert informasjon om IPS finn du på Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid i kommunene Behov for økonomisk hjelp? Meistringssenteret hjelpe innbyggjarane med å få kontakt med NAV til dei som har behov for økonomisk hjelp og rettleiing eller gjeldsrettleing. Gatefotball og andre aktivitetar Time kommune har startet opp eit tilbod om gatefotball. Målet er at dette laget skal verta ein del av det ordinære fotballtilbodet til Bryne. Her kan du lese meir om gatefotballen. Andre aktivitetar: Samarbeidspartnere Kommunen samarbeider med Jæren Distrikt psykiatriske senter (JDPS) som har ansvar for psykiatribehandlinga etter Lov om psykisk helsevern for innbyggjarane i Time. Andre samarbeidspartnere: No Limitation Veiledningssenteret for pårørande (NKS) Jæren Recovery College Alternativ til vold Nasjonale nettsider Psykisk helse og levevaner Fem råd for sterkere psykisk helse Selvhjelpsverktøy ved psykiske plager Facebook Besøk gjerne Meistringssenteret på Facebook Kva kostar tenestene? Tenestene er gratis Sist endra 11.10.2024 12.49