ⓘ Aktuell informasjon

Familiesenter

Familiesenteret er et tilbod til familiar med barn i alderen 0-18 år. 

Hos oss kan du få støtte og rettleiing i foreldrerolla og hjelp til å styrka samspelet i familien. Familiesenteret tilbyr og samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplagar som dei treng hjelp til å meistra.  

På Familiesenteret møter du erfarne fagfolk med god kompetanse innan psykisk helse- og familiearbeid.  

Familiesenteret kan tilby: 

  • Familiesamtaler og individuelle samtalar 
  • Foreldrerettleiing 
  • Gruppetilbod til foreldre 
  • Grupper for barn og unge som har foreldre med helsemessige utfordringar som psykiske vanskar, kronisk sjukdom, eller som strevar med rus 
  • Foreldrerettleiing etter Marte Meo metoden 
  • Samarbeid med andre tenester etter behov 

Kven kan oppsøka oss? 

  • Foreldre som har barn mellom 0 og 18 år 
  • Barn og unge under 18 år 
  • Andre instansar kan etter samtykke ta kontakt på vegne av familien (barnehage, skule osv.) 

Rask hjelp:

Familiesenteret har inntaksmøte kvar tysdag og du får tilbakemelding innan 1 veke etter møtet. 

Tilbodet er gratis 

Ring eller drop-in: 

Familiesenteret kan kontaktast på telefon 51 77 61 11.  Legg igjen mobilnr ditt om du vil at familiesenteret skal ringa deg. Du kan óg senda epost til E-post til Familiesenteret.               

Synes du det er enklare å stikka innom har me drop-in tid kvar fredag mellom kl. 12.30-14.00. Du treff oss i 2. etasje på Bryne helsestasjon i Hulda Garborgsveg 8 på Bryne. 

  • Føresette kan møta utan henvisning eller timeavtale i drop- in tida på fredagar.  
  • Føresette må møta utan barn eller ungdom 
  • Føresette kan velja å vera anonyme 
  • Føresette kan få rettleiing til rett hjelpeinstans 

På senteret arbeider:

  • Tina Salte Rosland fagkoordinator,  mob. 480 69 128 e-post
  • Roxana Maria Sandor,  mob. 977 25 318  e-post
  • Elisabeth Husveg Ramstad,  mob. 489 50 438  e-post
  • Merete Hadland, mob. 489 51 549 e-post
  • Arna Vold,  489 90 718  e-post

 

De 5 damene som jobber på Familiesenteret - Klikk for stort bilete

Kontaktinfo

Familiesenteret
Telefon 51 77 61 11

Opningstider

Måndag - fredag kl 08:00 - 15:00

Kart