Ungdomsteam

Time Ungdomsteam jobber for å førebygga rus, kriminalitet og psykisk uhelse sjå barn og ungdom i aldersgruppa 12-25 år. Dette gjer me på ulike måtar. Me har mellom anna individuell oppfylging, gruppetilbod knytt til spesifikke emne som tankevirus og sinnemeistring, og me oppsøker skular og andre arenaer der ungdom oppheld seg.  

Ungdomsteamet samarbeider tett med fleire ulike offentlege instansar og tenester som skular, helsesjukepleiar, barnevern, politi, helsestasjon for ungdom og fritidsklubbar, med mål om å skapa eit godt oppvekstmiljø for barn og unge i kommunen.  

Vårt hovudmål er å bidra til at barn og unge har lyst på livet og evne til å meistra det. 

Kontakt med Ungdomsteamet 

Det er låg terskel for å ta kontakt med teamet. Kontakt med Ungdomsteamet er frivillig og basert på ungdommen sitt samtykke. 

Både barn, unge, føresette, private og offentlege instansar kan kontakta kvar einskild i teamet anten pr. telefon eller mail.  

Ungdomsteamet har lokale i Storgata 41, men samtalar kan gjennomførast der ungdommen ynskjer.  

Kva tilbod er Ungdomsteamet 

Ungdomsteamet kartlegg kvar einskild ungdom sin situasjon og skreddarsyr tiltak til den einskilde. Det kan eksempelvis vera å kopla på andre som kan bidra med hjelp, tilby meistrings-, motivasjons- og bevisstgjeringssamtalar eller å gi støtte til å handtera vanskelege situasjonar og relasjonar.  

Dei tilsette har god kompetanse på mellom anna ungdomstid, rus, kriminalitet, psykisk helse, relasjonar og meistring. I tillegg har dei god oversikt over andre hjelpetilbod både innanfor og utanfor kommunen. 

Teieplikt 

Ungdomsteamet har teieplikt, men er plikta til å melda vidare dersom me meiner at det er fare for liv og helse. Ungdommen vil få informasjon om det dersom me må melda vidare.  

Kontakt oss

Ragnhild Hobberstad, SLT- koordinator

Ragnhild.hobberstad@time.kommune.no, eller telefon: 99772204

Monica Skretting Grude

Monica.skretting.grude@time.kommune.no, eller telefon: 48027363 

Eivind Smith Svendsen

eivind.smith.svendsen@time.kommune.no, eller telefon: 90256455

Elise Sofie Lomeland

Elise.sofie.lomeland@time.kommune.no, eller telefon 90284312

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00

Adresse