Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein ordning som skal gje deg som har ein funksjonsnedsettelse praktisk  bistand - i og utanfor heimen. Du må ha eit hjelpebehov utover to år, og meir enn 25 timar per veke for å ha rett på BPA.

Kven kan få tilbod om BPA?
  • Personar med nedsatt funksjonsevne og stort behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen
  • Foreldre til heimebuande barn under 18 år med nedsatt funksjonsevne kan få BPA som avlastning
  • Personar under 67 år med omfattande og langvarig behov for hjelp 
  • Stort behov er definert som eit tenestebehov på minst 32 timar per veke


     

 

Korleis fungerar ein BPA ordning?

Nokon må vera arbeidsleiar. Det kan vera du sjølv, foreldra dine eller andre som står deg nær. Å vera arbeidsleiar betyr å organisera o gleia arbeidet som brukarstyrt personleg assistent utøver. Dette inneber:

  • utarbeida turnus
  • oppfølging ved sjukefråvær
  • skaffa vikararar
  • gjennomføra medarbeidersamtaler
  • sørgja for at arbeidet vert utøvd i samsvar til gjeldande lover og forskrifter

 

Kva tenester kan organiserast som BPA?

Hjelp til alminneleg egenomsorg og personleg stell, også kalla personrettet bistand, kan organiserast som BPA. Det same kan nødvendig praktisk hjelp til reingjering, praktiske gjeremål i heimen og andre husholdsoppgaver.

BPA skal kunna brukast både i og utanfor heimen, så tiltak utanfor heimen, som til dømes støttekontakt kan òg organiserast som BPA.

Helsetenester er ikkje omfatta av retten til BPA. Men kommunen kan legga enkle helsetenester inn i BPA-ordningen viss det er formålstenleg, forsvarleg og du sjølv ønsker det.

Viss du har behov for hjelp til nødvendig trening eller tilsyn på grunn av din funksjonshemming, må lækja eller fysioterapeut dokumentera at du har behov for dette.

Val av leverandør

Du kan sjølv velja leverandør av brukarstyrt personleg assistanse. Du kan velja kommunen som arbeidsgivar for assistentane, eller ein av dei private leverandørane som kommunen har avtale med. Same kven du vel, vil kommunen følgja opp kvaliteten på tenesta.

AssisterMeg AS (PDF, 5 MB)

Prima Assistanse (PDF, 4 MB) 

Uloba

Meir informsajon om BPA
Kva kostar BPA?

Det er ingen eigenbetaling for BPA, men for praktisk hjelp i heimen er det eigenbetaling.

 

Søknadsskjema

Kontaktinfo

Teneste- og samordningskontoret
E-post
Mobil 47 60 81 60
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00