Trygt og godt barnehagemiljø

Alle barn i barnehagane i Time kommune har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø utan krenkingar og mobbing. Barnehagane skal sørga for at barna har det trygt og godt.

Barnehagane skal ha nulltoleranse og arbeida forebyggande for at barnehagemiljøet skal vera trygt og godt.  Alle som arbeider i barnehagen skal følga med på korleis barna har det i barnehagen, og alle som arbeider i barnehagen skal melda frå til barnehagens styrar dersom dei får mistanke om, eller kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen. Styraren skal melda frå til barnehageeigar i alvorlege tilfeller.  

Mange av barnehagane i Time har delteke i eit 2 årig nasjonalt kompetansehevingsprosjekt med tema "Inkluderande barnehage og skulemiljø".  I tillegg har barnehagane hatt kompetanseheving lokalt for å styrka regelverk- og handlingsskompetansen til dei tilsette.  Alle barnehagane har plan for inkluderingsarbeid for å forebygga og handtera eventuelle krenkingar av barn.

Viss føresette er bekymra for om barnet har det trygt og godt i barnehagen må dei straks ta kontakt med barnehagen. Barnehagane har aktivitetsplikt og skal snarast undersøka saka og setta inn tiltak når dei får kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen. 

Det er innført skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen krenker eit barn. Dette ser ein svært alvorleg på og det vil bli fulgt opp umiddelbart. 

 

Klage på barnehage: 

Om føresette opplever at barnehagen ikkje følger opp bekymring når dei har gitt beskjed til barnehagens styrar kan dei ta kontakt med barnehagemyndigheita i Time.

Informasjon om trygt og godt barnehagemiljø:

Trygt og godt barnehagemiljø | Statsforvaltaren i Rogaland (statsforvalteren.no)

Barnehagemiljø (udir.no)

Kontaktinfo

Siri Kverneland
Rådgiver
E-post
Telefon 51 77 61 10
Mobil 91 53 15 75