Før vigselen må brudeparet sørga for at nødvendige skjema og attestar blir fylt ut og sende til folkeregisteret ved ditt lokale skattekontor. Dersom begge har norsk personnummer eller D-nummer kan de også søke digitalt.
Behandlingstida er to-tre veker. Følgjande skjema må fyllast ut og sendast inn til folkeregisteret:
Eigenerklæringar, forlovarerklæringar og attestar
Alle desse skjema får du hjå Skatteetaten.
Skatteetaten skriv ut ein prøvingsattest som visar at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt. De som søker digitalt vil få tilsendt prøvingsattesten i Altinn og den må då vidaresendast til vigsler (Time kommune). De velger sjølv om attesten vidareformidlast digital, sikker digital innsending til kommunen, eller som brevpost. Denne attesten er gyldig i 4 månader frå utskrivingsdato.
Original attest må leverast eller sendast til Time kommune seinast 14 dagar før vigselen.
Du kan sende attesten til
Time kommune, Politisk sekretariat
Postboks 39
4349 Bryne
Eller levera den i Innbyggarservice på Time rådhus, Arne Garborgsveg 30.