Planområdet
Planområdet ligg på Myrane, om lag 5 km sørøst for Undheim, langs fv. 505 – Undheimsvegen, i Time kommune. Planområdet omfatter gnr./bnr. 46/2, 46/54, 46/147og 46/216. Området består primært av innmarksbeite med noko fjell i dagen. Innafor planområdet er det og registrert to bustadar. Førebels planavgrensing er på ca. 150 daa.
Føremål
Førmålet med detaljreguleringen er å leggje til rette for at næring kan etablerast. Næringa skal være biogassproduksjon, bearbeing av biorest samt tørking, tørkeprosesser knytt til fosforfjerning, med tilhøyrande kontor og tilhøyrande infrastruktur. Planen skal og leggje til rette for bruk at overskotsvarme fra nærliggjande kraftintensiv næring. Tiltaket er i strid med gjeldande kommuneplan
Planprosess og medvirkning
Merknader og opplysningar som kan ha interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til: Vial AS v/Tonje Undheim,, Auglendsmyrå 17B, 4016 Stavanger, eller på epost til: tu@vial.no . Kopi sendes til Time kommune på post@time.kommune.no , alternativt til postboks 38, 4349 Bryne.
Frist for å sende merknad: 01.08.2025
Vedlegg:
01 Varslingsbrev (DOCX, 89 kB)
02 Justert planavgrensing (PDF, 4 MB)
03 Oversiktskart (PDF, 10 MB)
04 Prinsippskisse (PDF, 4 MB)