Hensikta med planen er å leggje til rette for areal som skal nyttast til
deponi av jord og massar frå utbyggingsområda innanfor områdeplan
0548.00, som er under arbeid. Det er ønskjeleg å flytte matjord til
planområdet slik at planområdet kan nyttast til framtidig jordbruk. I
tillegg skal planen greie ut utbetringstiltak av fylkesveg 4426 for
massetransporten frå områdeplanen til planområdet. Planområdet består
av den søndre teigen til eigedom gnr. 32, bnr. 14, Skrebergvegen med
minimum sju meter buffersone frå vegkant på begge sider av vegen og
Fjermestadvegen langs den søndre eigedomsteigen. Det skal vurderast to
alternativ for disponering av massar innanfor planområdet. Alternativ
1 tek for seg store delar av planområdet for mogleg disponering av
massar, medan alternativ 2 tek for seg berre disponering av massar for
område som ikkje er innanfor avsett dyrka areal i samsvar med
gardskartet frå Nibio.
Gjeldande arealplaner
I gjeldande kommuneplan for Time 2018–2034 er planområdet sett av til
LNFR- og vegføremål.
Deler av planområdet er dekt av fleire detaljreguleringar for
vatnforsyning. Planframlegget tek høgd for å vidareføre gjeldande
arealføremål og føresegner, bortsett frå nødvendig utviding av
Skrebergvegen.
Krav om konsekvensutgreiing
Planframlegget går inn under konsekvensutgreiingsforskrifta vedlegg II
punkt 1 b) og 11 k). Det skal difor utarbeidast konsekvensutgreiing med
tilhøyrande planprogram. Planprogrammet er sendt på høyring saman
med varsel om planoppstart.
Merknader
Eventuelle kommentarar kan sendast til:
Teknaconsult AS, Luramyrveien 25A, 4313 Sandnes, med kopi til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne
eller til
wei@teknaconsult.no, med kopi til e-post post@time.kommune.no.
Vennlegst oppgi plan-ID ved innsending av merknad.
Frist for å gi merknad
Frist for merknader er 23.01.2026.
Berørte offentlege styresmakter og organisasjonar, berørte naboar, samt
grunneigarar/festarar melding.
Vedlegg:
01. Brev (PDF, 154 kB)
02. Kart som viser planområde (PDF, 479 kB)
03. Referat fra oppstartsmøtet (PDF, 442 kB)
04. Planprogram (PDF, 2 MB)
05. Planinitiativ (PDF, 2 MB)
06. Stedsanalyse (PDF, 2 MB)