Ope møte om økonomiplanenKommunedirektøren sitt framlegg til økonomiplan for perioden 2024 - 2027 vart lagt fram 25. oktober.No skal folkevalde jobba med innhaldet i budsjettet fram mot endeleg vedtak i kommunestyret 12. desember.Dei vil gjerne høyra di meining.Dei politiske partia i Time inviterer lag, foreningar, organisasjonar og interessegrupper til å presentera sine budsjettønskje i kommunestyresalen i Time rådhus.Måndag 30. oktober kl. 18.00Meld inn ønskje om å halda innlegg og påmelding til tone.storesatre@time.kommune.no eller på tlf. 99106691.Kommunedirektøren sitt forslag til økonomiplan 2024 - 2027 (PDF, 3 MB) Sist endra 25.10.2023 10.33