Melding om oppstart av reguleringsarbeid: Plan 0559.00 Detaljregulering for bustader i Ørnahaugen 2, Bryne

Arkitektkontoret IHT AS, på vegne av ØRNAHAUGEN 2 AS, gjev med dette melding om at følgjande reguleringsarbeid er satt i gong i samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova:

Plan 0559.00 Detaljregulering for Bustader i Ørnahaugen 2, Bryne

Det vert og varsla at ein vil ha forhandlingar om utbyggingsavtale jamfør plan – og bygningslova § 17-4. Det skal etablerast fortau, og ein utbyggingsavtale skal avklara fordeling av kostnadar mellom kommunen og utbyggjar.
 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadformål (småskala) med tilhøyrande funksjonar.  Det vil og bli lagt til rette for et fortau langs med tomta til Ørnahaugen, for å betre sikra skolevegen til og frå Varheia ungdomsskule. Området er i dag uregulert og ubygd.  

Det er utarbeida ein stadsanalyse og eit planinitiativ som skildrar dei ytre rammene av prosjektet, og eventuelle forhold som kan ha innverknad på de tilgrensande areala. 

Omriss av planområde


Tiltaket er vurdert å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) etter plan- og bygningslova § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing.

For nærmare informasjon kan du kontakte  Arkitektkontoret IHT v/Karsten Wiik på telefon 41203309. eller e-post karsten@iht.no

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Arkitektkontoret IHT AS, kjøpmannsbrotet 7, 4351, Kleppe eller karsten@iht.no , med kopi til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne eller på e-post post@time.kommune.no innen fristen for å sende innspill.

Fristen for å sende innspill er 08.05.2024. Ein ber om at eventuelle leigetakara blir informert.

Det er mogleg å ytra si meining til planforslaget når det vart sendt ut på høyring og offentleg ettersyn etter fystegongsbehandling i Utvalg for lokal utvikling (ULK). Videre avgjerd etter offentleg ettersyn vil skje i ULK og Kommunestyret. Plandokumenta og status på planen kan følgjast via www.time.kommune.no . Du kan lese deg opp på korleis ein planprosess går føre seg, og korleis du kan koma med innspel til planforslaget, under fana Planprosess.

 

Vedlegg

01 Planinitiativ 14-03-2024 (PDF, 4 MB)

02 Stadsanalyse 11-12-2023 (PDF, 7 MB)

03 Anbefalingskart 05-03-2024 (PDF, 5 MB)