Føremålet med dei føreslåtte endringane er: Utviding av planområdet for å leggje til rette for etablering av tre kjeda bustader.
Reguleringsendringa vil i hovudsak innebere utviding av planområdet og regulering til bustadføremål for dei innlemma eigedomane. Det skal sikrast tilkomst med tilstrekkelege siktsoner, utnytting og byggegrense.
Endringar i plankartet:
Planområdet er utvida frå 6 422 m² til 7 397,3 m².
Endringar i føresegnene:
Forslag til endringar i føresegnene er viste med kursiv
3.1.2 Bustadbebygging – frittliggjande konsentrert småhusbebygging (BKS1, BKS2, BKS3, BKS4)
3.1.2.3 BKS4a–c skal innehalde tre bustader i kjede. Bebygginga skal førast opp med flatt tak og maksimal gesimshøgd på 6,0 meter. Garasje/sportsbod skal førast opp med flatt tak og maksimal gesimshøgd på 3,0 meter. Fasademateriale skal vere trekledning eller forblending med teglstein.
3.1.2.10 BKS3, BKS4a og BKS4c skal utformast som tilgjengelege bustader.
3.1.2.11 Innanfor delfelt BKS4c kan det førast opp ein levegg med inntil høgd 2,1 meter og plasserast med minimum 1,0 meter avstand frå føremålsgrensa. Leveggen kan plasserast utanfor byggegrensa mot f_SKV2 og o_SKV3, men skal ta omsyn til regulert frisiktsone.
3.2.1 Køyreveg (SKV)
3.2.1.1 f_SKV1 er felles for bustadene i BFS1, BFS2, BKS1 og BKS2a.
3.2.1.2 f_SKV2 er felles for bustadene i BFS1, BFS2, BKS1, BKS2 og BKS4.
3.2.1.3 f_SKV4 er felles for bustadene i BFS3, BFS4, BFS5 og BKS3.
Etter kommunedirektøren si førebelse vurdering vil endringane i liten grad påverke gjennomføringa av planen, hovudrammene i planen, og heller ikkje omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Endringsforslaget kan difor handsamast administrativt, jf. plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd. Time kommunes delegeringsreglement.
Dersom det kjem vesentlege merknader, vil endringsforslaget bli teke opp til politisk behandling.
Har du innspel?
Merknader kan sendast via nettsida, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne.
Merknader blir ikkje svara på med eige brev, men vil bli refererte til og kommenterte i samband med politisk eller administrativ behandling.
Frist for å sende inn merknader er 18.08.2025.
0532.00_Reguleringsendring etter forenklet prosess_01.07.2025.pdf (PDF, 2 MB)
Vedlegg 1_Plankart_reg.endring_0532_00_2025-06-27.pdf (PDF, 543 kB)
Vedlegg 2_0532.00 Forslag til nye bestemmelser_uten endringsmarkering.pdf (PDF, 116 kB)
Vedlegg 3_0532_00 Godkjent plankart.pdf (PDF, 221 kB)
Vedlegg 5_Situasjonsplan med solanalyse_Sælandsvegen.pdf (PDF, 331 kB)Vedlegg 6_VA-tegning Rev. 060425.pdf (PDF, 720 kB)
Vedlegg 6_VA-tegning Rev. 060425.pdf (PDF, 720 kB)
Vedlegg 7_Renovasjonsteknisk plan - Rev 16.06.2025.pdf (PDF, 228 kB)