ⓘ Aktuell informasjon

HØYRING - Kulturmiljøplan for Time kommune

Kulturmiljøplan Time kommune

Kulturmiljøplanen skal avklara kommunen sin strategi for forvaltninga av kulturmiljøet og bidra til samarbeid og felles forståing. Kulturmiljøplanen skal vera eit verktøy for å sikre nasjonale og lokale målsettingar i kulturminne- og kulturmiljøpolitikken. Planen er utarbeidd som ein temaplan som mellom anna vil seia at den ikkje inneheld juridiske bindande føringar. Desse er, eller vil verta, ivaretekne i arealdelen til kommuneplanen og kommunedelplan for Bryne sentrum. Dei automatisk freda kulturminna (fornminne frå før år 1537) er derimot freda etter Kulturminnelov.

Utval for lokal utvikling hadde saka til handsaming den 19.06.2025 og gjorde følgjande vedtak:

ULK - 040/25 Vedtak:

Utval for Lokal Utvikling godkjenner at planforslag til Kulturmiljøplan for Time kommune, datert 23.05.2025, vert send på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen vert sett til åtte veker frå tidspunktet planen vert lagt ut på høyring.
Før utkastet til ny kulturmiljøplan vert sendt ut på høyring, må dei faktafeila som det er gjort greie for i ULK-møtet 19.06.25 rettast opp, Det må også gjerast i kvalitetssikring av heile dokumentet for å finna eventuelle fleire faktafeil

 

Kulturmiljøplanen er blitt revidert og faktafeil retta opp, og er no klar for å sendast ut på høyring.


Høyringsutkastet finn ein på kommunen si heimeside under kunngjeringar. 
 

I kartløysinga til kommunen kan ein få oversikt over dei ulike kulturmiljøa og enkeltobjekta som er foreslått i kulturmiljøplanen. 


Kommunens kartportal

 

Medverknad:
I samanheng med denne høyringa vert det arrangert open kontordag, der ein kan få informasjon og stille spørsmål med meir. 
Kontordagen vert arrangert 4. november 2025, kl. 14:00 til 18:00, på Time rådhus, i Fritz Røed, inngang B.


Innspel 
Eventuelle merknader til forslag til kulturmiljøplanen kan sendast til Time kommune, Postboks 38, 4339 Bryne eller via e-post post@time.kommune.no innan 14.november 2025.

Høyringsutkastet kan lesast her:

Høyringsutkast Kulturmiljøplan Time kommune, august 2025 SR.pdf (PDF, 8 MB)