HØYRING - endring i Reguleringsplan for området rundt Jærterminalen, Ree - PlanId 212.00

Time kommune føreslår endring av Plan 212.00 – Reguleringsplan for området kring Jærterminalen. 

Planen vart opphavleg godkjend 17.04.2007. Siste reguleringsendring er datert 17.12.2009.

Endringsforslaget inneber å regulere faktisk arealbruk slik området er opparbeidd.

Det har tidlegare vore arbeidd med eit planforslag som ikkje vart vedteke. I denne planfasen vart det gjeve løyve til etablering av tiltak som var i samsvar med det planforslaget som var under arbeid. Deler av bygginga er i dag ikkje i tråd med gjeldande plan.

Det er òg uavklara eigedomsforhold innanfor planområdet som gjer det vanskeleg å få delt frå eigedomar.

Gjeldande plan inneheld rekkjefølgjebestemming om opparbeiding av tilkomstveg. Det har vore vanskeleg å få avtale om grunnerverv og å opparbeide vegen med regulert breidde. Bustadene fekk mellombels bruksløyve i 2024, men dei får ikkje ferdigattest før rekkjefølgjekravet om tilkomstveg vert endra.

Har du innspel?

Merknader kan sendast på e-post til post@time.kommune.no eller til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne.

Merknadene vert ikkje svara med eige brev, men vert refererte og kommenterte i samband med politisk eller administrativ handsaming.

Frist for å gi merknader er 22.01.2026 

Høring - Endring av PlanId 212.00.docx (DOCX, 3 MB)

Plan 0212_00, pr 20251219.pdf (PDF, 843 kB)

0212.00 Forslag til bestemmelser.docx (DOCX, 44 kB)

Plan 212.00 - ROS - analyse.pdf (PDF, 709 kB)

Plan 0212.01 - Bestemmelser_Reguleringsendring_boligfelt_12.08.2009.pdf (PDF, 73 kB)

Geldende plankart 212.00.pdf (PDF, 184 kB)