HØYRING - Detaljregulering for masseuttak på Søra Kalberg med avkjørsel til Åslandsvegen, Kvernaland, planId 0523.00

Plankonsulent Asplan Viak AS har på vegner av Jærpukk AS sendt inn forslag til endring av plan 0523.00 – detaljregulering for masseuttak på Søra Kalberg med avkøyring til Åslandsvegen, Kvernaland. Forslaget til endring av plan vart vurdert som komplett 10.11.2025. Planen vart opphavleg godkjend 19.02.2025.

Føremålet med dei føreslåtte endringane er:
Det vert føreslått ei justering av bestemmingsområde #2 for å gje høve til etablering av eit nytt asfaltverk, og optimalisere samlokaliseringseffekten med masseuttak og steinbrot i tråd med intensjonen i planen. Det føreslåtte arealet som vert inkludert i bestemmingsområdet er allereie i bruk til drift av masseuttak og steinbrot, og ligg sentralt i planområdet.

Endringsforslaget vil innebere

Planendringa omfattar ei utviding av bestemmingsområde nr. 2 i plankartet for å sikre tilstrekkeleg areal til etablering av eit nytt asfaltverk.

Endringa sikrar òg ei meir føremålstenleg arealutnytting for dagens drift, som betre kan tilpassast den etappevise drifta av pukkverket og driftsplanen.

Endringa omfattar ei utviding av bestemmingsområdet på om lag 45 daa (frå 31 daa til 76 daa).

Gjeldande arealformål i plankartet, steinbrot og masseuttak, samt tilhøyrande føresegner for bestemmingsområde #2, vert vidareført uendra:
5.2 Bestemmingsområde # 2
5.2.1 Innenfor bestemmelsesområdet kan det etableres asfaltverk, bulkstasjon og administrasjonsbygg

Dette kan påverke:

  • Kulturminne og kulturmiljø
  • Støy og støv
  • Trafikk og trafikksikkerheit
  • Samfunnsmessig betydning
  • Landskap
  • Natur og naturmiljø
  • Mineralressursen
  • Samfunnssikkerheit (Det er utarbeidd eiga ROS-analyse for eksplosjon i LPG-tank ved asfaltverk)

Desse temaa er skildra i vedlagd søknad og ROS-analyse.

Sjå vedlegg for meir informasjon om endringane. Det er kun plankartet som vert endra.

 

Har du innspel?
Merknader skal sendast via nettsida, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne.

Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar vert informerte om planarbeidet.

Merknader vert ikkje svara med eige brev, men vert refererte til og kommenterte i samband med politisk eller administrativ handsaming.

Frist for å gje merknader er 08.12.2025.

HØRING - Detaljregulering for masseuttak på Søra Kalberg med avkjørsel til Åslandsvegen, Kvernaland, planId 0523.00.docx (DOCX, 2 MB)

Endringsbeskrivelse - endring av reguleringsplan 0523.00.pdf (PDF, 532 kB)

Plankart for endring av reguleringsplan 0523.pdf (PDF, 2 MB)

ROS-analyse for endring av reguleringsplan 0523.00.pdf (PDF, 548 kB)