ⓘ Aktuell informasjon

Høyring av forslag til områderegulering og søknad om anleggskonsesjon for Mellomstrand vindkraftverk

I medhald av plan- og bygningsloven §§ 12-10 og 12-11 er forslag til områderegulering for Mellomstrand vindkraftverk i Time kommune, Rogaland fylke, lagt ut til offentleg ettersyn. Samtidig er søknad om anleggskonsesjon for Mellomstrand vindkraftverk sendt på høyring etter energilova § 2-2.

Mellomstrand vindkraftverk er søkt med inntil fire vindturbinar med ein maksimalhøgde på 200 meter. Total installert effekt har ei øvre ramme på 30 MW. Planlagd utbyggingsløysning vil gi ein årleg energiproduksjon på om lag 75 GWh. Planområdet er på 1,2 km2 og det er planlagt å bygga tre kilometer med internvegar.

 

 

 

 

 

 

 

Plansaka blir behandla av Time kommune etter plan- og bygningslova. Konsesjonssaka blir handsama av NVE etter energilova. Tiltakshavar er Statkraft Vind Utvikling DA. Planforslaget og konsesjonssøknaden med tilhøyrande felles konsekvensutgreiing er tilgjengeleg på 
på Time kommune og NVE sine nettsider.

NVE vil saman med Time kommune halde eit offentleg møte om saka tysdag 17. november 2026 kl. 18.00 på Karlsbu, Buevegen 1059, 4342 Undheim. Møtet er ope for alle.

Høyringsinnspel til planforslaget eller konsesjonssøknaden blir sendt skriftleg via skjema på www.nve.no/21565/A eller på e-post nve@nve.no (merk med saksnummer 202504668) seinast innan 15. desember 2026.

1. gangs behandling av Områdeplan for Mellomstrand vindkraftverk, PlanId 202503.pdf (PDF, 3 MB)

Mellomstrand vindkraftverk_ oppdatert vedlegg - Avbøtende tiltak.pdf (PDF, 225 kB)

01 Plankart Mellomstrand vindkraftverk.pdf (PDF, 3 MB)

02 Mellomstrand vindkraftverk - planbestemmelser.pdf (PDF, 133 kB)

03 Mellomstrand vindkraftverk - planbeskrivelse.pdf (PDF, 6 MB)

04 Kart over foreløpig utbyggingsløsning.pdf (PDF, 820 kB)

05 ROS-analyse.pdf (PDF, 2 MB)

06 Avbøtende tiltak.pdf (PDF, 392 kB)

07 Mellomstrand vindkraftverk - Fastsatt kombinert planprogram og melding.pdf (PDF, 3 MB)

08 Oppsummering av høringsinnspill og kommentar.pdf (PDF, 363 kB)

09 Kart foreløpig utbyggingsløsning.pdf (PDF, 3 MB)

10 Fagrapporter underlagt M-1941 komprimert.pdf (PDF, 43 MB)

11 Tilbakemelding til Statkraft Vind Utvikling DA på konsesjonssøknad for Mellomstrand vindkraftverk.pdf (PDF, 104 kB)

12 Analyse av boligverdi Moifjellet - endelig rapport mars 2025-compressed.pdf (PDF, 3 MB)13 Oppdatert tabell 6.1 i konsesjonssøknaden.pdf (PDF, 87 kB)

13 Oppdatert tabell 6.1 i konsesjonssøknaden.pdf (PDF, 87 kB)