Vaksine mot influensa- og koronavirus haust/vinter 2023

Vaksinasjon er eit enkelt og effektivt tiltak for å redusera faren for alvorleg sjukdom. I år kan ein få influensa- og koronavaksine samtidig. 

Kva vaksinar er særleg anbefalte nå? 

Personar > 65 år: 

  • Influensavaksine 
  • Koronavaksine 
  • Pneumokokkvaksine (kvart 6. år) 

Personar 18-65 år med spesielle risikofaktorar og gravide i 2. og 3. trimester: 

  • Influensavaksine 
  • Koronavaksine 

Barn < 18 år med spesielle risikofaktorar: 

  • Influensavaksine 
  • Koronavaksine (berre ved alvorleg grunnsjukdom) 

Influensavaksinen er i tillegg anbefalt til fylgjande grupper: 

  • Helsepersonell som har nær kontakt med pasientar 
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte 
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar 
  • Saneringspersonell og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl 

Kor kan du vaksinera deg? 

Fastlegane i Time tilbyr koronavaksine, influensavaksine til målgruppene og pneumokokkvaksine. Trykk her for timebestilling på nett

  • Bryne legesenter, tlf. 51 77 66 00 
  • Sandtangen legesenter, tlf. 51 77 66 66 
  • Kvernaland legesenter, tlf. 51 22 83 80 

Vaksne og barn over 12 år kan i tillegg få koronavaksine på desse apoteka: 

Apotek 1 på Kverneland 

Adresse: Leirfenvegen 1, 4355 Kvernaland 

 Trykk her for timebestilling på nett nett eller ring tlf. 51 42 43 00

Me vaksinerer måndagar. Bestill time via nett eller telefon over. 

 Apotek 1 Viben på Bryne 

Adresse:  Arne Garborgs veg 15/17, 4340 Bryne 

Trykk her for timebestilling på nett eller ring tlf. 51 77 07 77

Me vaksinerer onsdagar mellom kl 09.00-14.30.   
Bestill time via nett eller telefon over. Moglegheit for drop in. 

Meir informasjon om vaksine: 

Informasjon om koronavaksine - FHI 

Vaksine mot influensa - Helsenorge 

Pneumokokkvaksine - FHI 

Anbefalte vaksiner i svangerskapet - Helsenorge 

Voksne trenger oppfriskningsvaksine hvert tiende år - Helsenorge