Temperatur og vasskvalitet ved åtte badeplassar i sommer
Me har mange fine badeplassar i Time, og desse er populære blant både små og store badarar.
Frå midten av juni til slutten av august vil me måla temperatur og vasskvalitet ved åtte badeplassar.
Sjekk temperatur og kvalitet på badevatn
Me tek prøvar av badevatnet annakvar veke gjennom badesesongen. Resultat frå prøvane vil vera klar eit par dagar etter måledato.
Skilt
Er det dårleg kvalitet på badevatnet vert det sett opp skilt der me rår ifrå bading på den aktuelle badeplassen.
Sist endra19.08.2020 11.59