Ordførar Andreas Vollsund sin nyttårstale 2024

Nyttårstale 2024

Kjære alle saman! Då var tida komen for nyttårstalen, ei lita helsing til dokke alle

Men først litt om dans……

Folk seier av og til at nokon er født med rytme i kroppen. Det har aldri eg høyrt nokon seia om meg. Og hadde nokon fortalt meg at Jærbladet og Stavanger Aftenblad nokon gong skulle skrive om ein dansevideo av meg, så hadde eg trudd at personen som fortalde dette til meg hadde mista forstanden……. 

Eg snakkar sjølvsagt om filmen som kommunen publiserte veka før jul som ein julehelsing med kommentaren “Med varmande hoftevrikk ønsker me alle innbyggarar ei svigande god jul”. Og det var altså mine “varmande hoftevrikk” som viste til julefimen “Love Actually” det vart referert til.

Eg vil for ordens skyld nemna at det ikkje var min ide å laga denne filmen. Kommunen har ei fantastiske kommunikasjonsavdeling og eg er bare ein lett påverkeleg ordførar som liker å by på meg sjølv. Eg meiner heilt klart at ein må tåre å av og til by på seg sjølv, og kan eg bidra med å skape litt latter og engasjement, så stiller eg opp.

Men nå får de ta til takke med ein god gammaldags tale. 

---   

Året me legg bak oss var eit valår der me gjekk til stemmeurnene for å stemma på våre utvalde kandidatar og parti til kommunestyre og fylkestinget. Me politikarar gjekk på dørbank og skreiv lesarinnlegg. På veg til butikken vart innbyggjarar gode på å gå slalåm når dei forsøkte å unngå alle standane med dei ulike partia. Alle parti prøvde å overbevisa om at dei hadde dei beste løysningane for kommunen.

Me debatterte og me var ueinige. Til slutt seier veljarane sitt. 

Av kommunestyret sine 27 representantar er rundt halvparten nye.  

Felles for alle 27 er at dei er der med ønske om at Time kommune skal vera den beste kommunen for innbyggjarar og næringsliv. Ja, me har ulike løysingar og prioriteringar for korleis me skal nå dette målet. Det er derfor me er ulike parti og den ueinigheita er viktig for demokratiet. Men alle vil me utvikla kommunen til det betre. I mange saker er me også heilt einstemmige og sjølv dei gongene diskusjonen går ei kule varmt i kommunestyresalen, så er drøsen god mellom oss politikarar over ein kaffikopp i pausen.

Eg brukte denne talen for eit år sidan til å oppfordra alle til å bruka stemmeretten sin 11. september. For demokratiet er ikkje berre noko for festtalar. Det er noko me må ta vara på, heina om, og nytta. I Time var det 67,9 prosent av dei med stemmerett som nytta seg av denne retten. Eg vil retta ein takk til kvar einskild for at de deltek i lokaldemokratiet vårt. Fortsett med det!

Når eg ser talet 67,9 så klarer eg likevel ikkje la vera å tenka på dei 32,1 prosent av Timebuarane som ikkje stemte. Kva var grunnen? Dårleg informasjon om tidspunkt? Kor vallokala var? Var det vanskeleg å setta seg inn i politikken til partia? Tenkte folk at det ikkje var så viktig med deira stemme? 

Eg trur det kan vera mange grunnar til at folk vel å ikkje nytta seg av stemmeretten sin. Men eg trur me alle er tente me at flest mogleg deltek. Det gir meir representative val og større legitimitet hjå innbyggjarane.

Eg må for eigen del nytta denne moglegheita til nok ein gong å takka for tilliten som innbyggjarane har vist meg. Det er eit stort privilegium å få vera ordførar i Time kommune, og det tek eg aldri for gitt. Det er noko eg vil gjera meg fortent til kvar dag, og ikkje berre kvart fjerde år. Og uavhengig om folk har stemt på meg eller ikkje, så er målet mitt å vera ein ordførar for alle i kommunen. Så tusen, tusen takk, for tilliten eg har fått!

---

Val er travle tider for politikarar. Derfor var det nok ikkje det smartaste eg har gjort å legge opp til huskjøp, hussal og flytting same hausten som eit kommuneval. Men det er ikkje alltid slik at me kan planlegga heilt optimalt. Så mellom dørbank, stemmesanking og konstituering av eit nytt kommunestyre, kjøpte familien min og eg oss hus på Bryne. Nå i desember blei me brynebua.  

Eg har vakse opp på Lye, eg og familien min har stortrivst på Lye. Det er eg sikker på me òg kjem til å gjera på Bryne. Godt blir det også når me har fem søsken med familiar som bur Bryne som kan bidra med barnevakt for ein tidvis ganske så travel ordførar.

Så er det sånn at flytting inneber mykje meir enn berre byting av hus og stova. Det er eit nytt nabolag, ein ny barnehage og ny skule. Nye folk å bli kjende med og eit nytt miljø å finna sin plass i. Det kan både vera spanande, skummelt og kjekt. Og det berre av å flytta frå Lye til Bryne. Som eigedomsmeklarar ville kalla eit steinkast. 

Tenk då på alle dei som har flytta frå Ukraina til Norge dei siste åra. Tenk korleis den overgangen har vore. Då er ikkje bakteppet at dei har funne eit nytt og spanande hus som ein kan gleda seg å flytta inn i. Nei, bakteppet er krig. Utbomba hus og samfunn prega av den råskapen som krigen bringar med seg. Det er kanskje tap av menneskjer ein er glade i, som ein har reist i frå eller som har døyd.

Så kjem ein til Norge. Eit samfunn, ein kultur og eit språk som er svært ulikt det ein er vane med. Usikkerheit kring kvar i landet ein blir busett i. Kor lenge ein skal vera her. Om ein vil klara å læra språket og få seg ein jobb. Vil ungane få seg venner? Det er mykje for eit menneske å bera. 

I 2022 fekk Time 140 nye innbyggjarar som kom som flyktningar. I 2023 vart 123 flyktningar busett i kommunen vår, utelukkande frå Ukraina. Av desse var 23 barn i grunnskule og 15 barn under grunnskulealder. 

I 2024 kjem me til å ta imot nye flyktningar som kjem.

Først av alt må eg seia det er tragisk at me skal ta fatt på det tredje året med krig i Europa. Bileta me ser på nyheita og historiene me kan lesa om det ukrainske folket sin motstandskamp mot den brutale og i utgangspunktet overlegne krigsmakta Russland, gjer eit sterkt inntrykk. Det er eit folk som verkeleg slost for det dei trur på. Som gir alt. Og som har haldt stand mykje betre og lengre enn dei dystre spådommane i byrjinga av krigen la til grunn. 

Samstundes har Russland vist at dei ikkje er redde for store tapstal for å nå måla sine i angrepskrigen mot Ukraina. Nye store økonomiske og militært matrielle bidrag frå USA står fast i Kongressen og i Europa har Ungarn stukke kjeppar i hjulet i EU. Russland er på frammarsj.

Hjerteskjærande er det og å sjå lidingane som skjer i Gaza. Menneskeliv og born som blir drept pregar nyheitene og det går sterkt innpå meg. Eg verkeleg håper ein kan få til ei løysing som gir fred. 

I denne brutale situasjonen verden står i, så føles det som det er lite me kan gjer her i Time kommune. Men som ordtaket seier: «ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko». Det me kan gjera som lokalsamfunn og som einskilde medmenneskjer, er å bidra til at dei som kjem til kommunen vår blir tatt godt i mot og får kjenna på at dette er ein god plass for dei å vera – enten det vert for ein kortare eller lengre periode.

Eg veit at me har mange i kommunen som arbeidar kvar dag for nettopp dette målet. Dei legg ned meir arbeid og ein større innsats enn berre kva stillingsinstruksen seiar. Me har òg mange frivillige organisasjonar og personar som stillar opp. Utan innsatsen frå alle desse hadde det vore umogleg å ta i mot flyktningar. Takk for jobben de gjer, og så skal me alle vera med å gjera Time til en god plass å busetta seg i.

Som eg har sagt mange gonger før, utan frivilligheita hadde samfunnet stoppa opp.

---

Det at ein kommune er god å bu i, det er viktig for oss alle. Men me legg vekt på ulike kvalitetar som er viktige for oss for å ha det godt. Kanskje er det å ha butikkar, kafear, uteplassar og kulturtilbod i nærleiken det viktigaste. Kanskje er det å bu tett på naturen. Å ha gode naboar. For mange er det viktig med gode barnehagar og skular, iallfall i ein periode av livet. I andre periodar er det viktig å ha ein kommune som stillar opp når du ikkje lengre klarar alt åleine.

På same måte som resten av landet står Time i ei utvikling der den eldste delen av innbyggjarane aukar mest. Dette er fordi me lever lengre. Me har betre helse og eit betre helsetilbod. Det er ei positiv utvikling! Ikkje minst er all den hjelpa, dugnaden og frivilligheita dei eldre bidrar med eit stort pluss for kommunen. 

Likevel… Dei neste 10 åra er auka på dei over 80 år på 80-100 %, også innan demenssjukdom er auka så stor. Dette må kommunen  forberede oss best mogleg på.  Med omsyn til utviklinga må me planlegga nye omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar. Tenestetilbodet i heimesjukepleia må tilpassast at det blir fleire innbyggjarar som treng større eller mindre tenester. Det skal vera godt å verta gamal i Time, både nå og i framtida.

Det krev ressursar både til fleire tilsette og til nye investeringsløft. 

Eg trur at jobben politikarane har med å prioritera fellesskapet sine ressursar vert vanskelegare i åra som kjem. Enkelte områder vil kunne oppleva å få mindre, fordi behovet er større andre plassar.

I budsjettet kommunestyret vedtok før jul vart det budsjettert med 17 fleire årsverk innan tenesteområdet Helse og velferd i 2024. Det er mykje samanlikna med åra før. I tillegg kjem det 6 nye årsverk i Oppvekst.

Kommunestyret valde òg å prioritere bygging av ny symjehall dei neste åra. Den gamle symjehallen på Bryne ungdomsskule er frå 60-tallet og har sett sine betre dagar. Kapasiteten er sprengd og me må i dag leiga tid i Klepp symjehall.

Symjeopplæriga er ein viktig del av opplæringa til barna og ungdommane våre. I tillegg har me ein aktiv symjeklubb som legg til rette for at born og unge kan meistra nye ferdigheiter og pressa grensene sine i vatnet. 

Ein ny symjehall vil òg vera eit krona på verket i det som kan omtalast som eit idrettscampus på Bryne. For på sida av Bryne stadion, Timehallen og ein av landets største vidaregåande skule, opnar om få dagar Bryne storhall. Ein flunkande ny dobbel idrettshall.

Målet er at hallen skal kunne bidra til utvikling av dei eksisterande idrettslaga i kommunen og gi betre kapasitet slik at nye idrettar kan blomstra opp. Det er både mykje god folkehelse, utvikling og inkludering i eit aktivt idrettsmiljø. Det er eg stolt over at me legg til rette for her i Time.

---

Så må eg innrømma, eit av høgdepunkta i 2023 var Champions League-finale på Bryne torg, som skapte liv og minner på tvers av generasjonar. Ja det var utruleg når Jæren, Time og Bryne viste seg på sitt finaste når TV2 arrangerte si finalesending ved årets Champions League finale.  

Stort er det også å ha ein Timebu, Erling Braut Haaland, som etter mitt syn er verdas beste fotballspelar. Imponerande å sjå «ein vanlige gutt frå Bryne», som han seier sjølv,  bli tidenes toppscorer i Premier League, toppscorar i Champions League og nummer to i kåringa «gullballen». Men kanskje det kjekkaste av alt er å høyra Erling når han snakkar om heimstaden sin. Det er få, om ingen, store stjerner som snakkar så godt og så ofte om kor dei kjem frå. Dette gjer meg stolt, og eg trur det gjer oss alle timebuar litt stolte og «krye». 

Nå er 2023 over og me er i gang med 2024. Å spå kva som blir dei viktige sakene i 24 er ikkje lett. Dei siste åra har vist at å spå framtida er nesten ei umogleg oppgåve.

Det kan vera utfordringar som høge renter og straumprisar, sjølv om eg trur og håpar at toppen er nådd.

Mitt største ønske for året som kjem er at krigar og konfliktar i Europa, Midt-Austen og andre stadar i verda blir avslutta. At året 2024 blir året der freden blomstrer.

Til slutt ynskjer eg å avslutta med å ønska dykk alle godt nytt år.

Eg håper 2024 blir eit år fylt med nye opplevingar, spanande utfordringar og ikkje minst eit år me tek godt vare på kvarandre.

Takk for meg og takk for det gamla.