Kurs i demensvenleg samfunn

Time kommune inviterer avdelingar, butikkar og servicestader til å delta i ei gratis opplæring om korleis me alle kan gjera ein innsats for å få eit meir demensvenleg samfunn.

Nærbilde av voksen mann som holder hånden til eldre menneske - Klikk for stort bilete

 

I åra som kjem vil stadig fleire få demens, og i Time kommune antar me at 350 vil ha denne diagnosen innan 2025. Dei aller fleste av desse vil bu i eigen heim. Kunnskapen du har vil vera av stor betydning i møte med den som har demens og dei pårørande, og kvaliteten på servicen vil bli høgare.

Time kommune inviterer bedrifter, butikkar, servicestader, livssynssamfunn og ulike interesseorganisasjonar til å delta i denne gratis opplæringa.

Opplæringa består i:

  • Kva er demens?
  • Kva utfordringar møter personar som er ramma av demens og deira pårørande?
  • Korleis skal me møta ein person med demens og dermed bidra til ein betre kvardag?
     

Vel mellom alternative datoar og meld deg på via lenka under:

Onsdag 29. mai kl. 08.00 - 09.00
Onsdag 30. oktober kl. 08.00 - 09.00

Påmelding til kurs i demensvenleg samfunn

Kurset varar i ein time og er både kjekt, interessant og nyttig - og altså gratis. Demenskoordinator Bente Dagmar Aaberg Lura og sjukepleiar Kristin Pollestad står for opplæringa.

Deltakarane får kursbevis og ein enkel foldar med gode tips etter gjennomført kurs. Arbeidsplassen får eit symbol i form av eit klistremerke som symboliserer at ein har gjennomført kurset.