Kjenner du til nokon som fortener Demensprisen 2024?

Kvart år kan Nasjonalforeningen for folkehelsen dela ut ein demenspris i kvart fylke. Frist for å melda kandidatar er 20. mai.

Eldre par sitjande med ryggen til på parkbenk - Klikk for stort bilete

 

I Rogaland er prisen eit bilete av kunstnaren Inger Dale Flatebø. Kjenner du nokon som du meiner burde vere aktuelle for å få prisen? Då kan du tipsa Nasjonalforeningen - kontaktinfo finn du litt lenger ned!

Kriteria for prisen er:

  • Demensprisen skal gå til ein “kvardagshelt”, som kan vera ein enkeltperson, ei gruppe menneske eller ei eining som til dømes ein institusjon, eit dagsenter eller ei avdeling.
  • Demensprisen er ein honnør til ein innsats utanom det vanlege. Det kan vera enkeltindivid som gjer eit stort uformelt og frivillig arbeid i det stille, eller offentleg verksemd som gjennom sitt virke viser nytenking og engasjement på ein respektfull og inkluderande måte som kjem både demenssjuke og pårørande til gode, til dømes eit dagtilbud eller ei sjukeheimsavdeling tilrettelagt for personar med demens.
  • Prisen kan ikkje tildelast eigne og nåverande tillitsvalde i Nasjonalforeningen.

 

Tips om aktuelle kandidatar med grunngjeving sendast innan 20. mai 2024 til:

Nasjonalforeningen
Fylkeskontoret for Rogaland
Torgveien 15 A
4016 Stavanger

- eller e-post: rogaland@nasjonalforeningen.no