Faktura for kommunale avgifter er sendt ut

Årets første, av dei to årlege fakturaene for kommunale avgifter, er nå sendt ut. Her kjem litt info som er greitt å veta:

I dei kommunale avgiftene inngår mellom anna avgift for renovasjon, vatn og avløp. Forfallsdato for første termin er 31. mars.

Dersom du har behov for å dela opp fakturaen eller utsetta betalinga, kan du gjera det ved å bruka dette digitale skjemaet.

Dersom du allereie har oppretta avtalegiro for betaling av kommunale avgifter, er det viktig å sjekka at beløpsgrensa på avtalen din er justert rett.

Viss du ønsker ein oversikt over dei kommunale fakturaene dine for dei siste 3 åra, kan du logga deg inn her (innlogging med BankID):

Sjå dine fakturaer frå kommunen for dei siste tre åra

På nettsida vår finn du også mange spørsmål og svar om kommunale avgifter

Viss du ikkje finn svar på det du lurer på om kommunale avgifter eller treng hjelp, kan du kontakta økonomiavdelinga på e-post: okonomi@time.kommune.no.

Hugs å opplys om fakturanummer og kven som står oppført som mottakar av fakturaen når du tek kontakt.