Få oversikt over Kalberg-saka

I samband med at Time kommune har motteke dispensasjonssøknad frå Teknaconsult, som på vegne av Green Mountain søker om å få bygga datasenter på Kalberg, har Time kommune sendt brev til Statsforvaltaren og andre offentlege organ som er berørt av saka.

På denne sida finn du ei kort oppsummering av kva saka handlar om, og Time kommune si førebelse vurdering av dispensasjonssøknaden frå Teknaconsult og Green Mountain. 

Illustrasjon frå JOB Arkitekter/Green Mountain - Klikk for stort bileteIllustrasjon frå JOB Arkitekter/Green Mountain

Kva handlar saka om?

Green Mountain har søkt om å bygge datasenter på eigedommane Gnr/bnr 30/1, m.fl. på Kalberg. Eigedommane er ein del av området merka som NK1 i kommuneplanen. 

I kommuneplan for Time kommune 2018-2030 er området avsett til næringsføremål, og heldt av til verksemder som har eit særleg behov for å være i nærleiken av Fagrafjell transformatorstasjon inkludert støttefunksjonar, og verksemder som kan nyttiggjere seg av restvarmen frå kraftkrevjande industri. 

Søknaden er derfor i tråd med arealføremålet. Tiltaket krevjer likevel dispensasjon frå kravet som er stilt i kommuneplanen om at det skal utarbeidast ein områdeplan for områda Orstad-Nord/Kalberg/Frøyland/Kvernaland (plan 0548.00). 

Green Mountain har i tillegg søkt om dispensasjon frå fleire føresegner i kommuneplanen for å starta bygginga av første byggetrinn, i påvente av at eigedommane vert ferdig regulert.

Time kommune si førebelse vurdering av saka

Kommunedirektøren er i utgangspunktet open for at vilkåra for å gi dispensasjon kan vera oppfylt, gitt at visse forutsetnader er på plass. Per dags dato er ikkje desse forutsetnadene til stades. Det gjeld først og fremst forhald knytt til trafikkavvikling og massehandtering.

Les heile brevet frå Time kommune

Sjå alle innkomne dokument i Kalberg-saka