Pårørandeskulen er for pårørande som har omsorg for, eller er i nær relasjon med personar som lever med ein demenssjukdom.
Brukerskulen er for deg som har fått ein demenssykdom.
Hensikta med skulane er å gi informasjon, råd og veiledning om sjukdommen og utfordringar som følgjer med.
Praktiske opplysningar:
- Skulane går over fem kveldar
- Klokkeslett: 17.00-19.30
- Stad: Time rådhus, Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Pris: Kr 300,- pr. person og 100,- pr person for medlem i Jæren demensforening. Viss du ønsker å verta meldem, kan du senda mail til: jaeren.demensforening@gmail.com
- Kaffe/te og enkel bevertning
Program brukerskule for personar med demens
Onsdag 18 oktober: Demens
Onsdag 25. oktober: Kommunikasjon
Onsdag 1. november: Fysisk aktivitet
Onsdag 8. november: Helsevaner og sikkerhet – veldferdsteknologi
Onsdag 15. november: Trygghet i hverdagen – et godt liv med demens
Program pårørandeskule
Kvar kveld vert innleia med ei forelesning og avslutta med samtaler i faste grupper.
Onsdag 18. oktober: Demenssjukdommar
Onsdag 25. oktober: Kommunikasjon og samhandling
Onsdag 1. november: Pårørande sine opplevingar og eigenomsorg, informasjon frå Jæren demensforening
Onsdag 8. november: Fremtidsfullmakt og vergemål
Onsdag 15 november: Aktuelle tenester og teknologiske hjelpemidlar som støttar personar med demens
Undervisere
På skulen vil ein møta personar som har mykje kunnskap om dei ulike temaa som står i programmet. Det vil være personar som har erfaring i det å rettleia pårørande.
Ved å delta på brukarskule vil ein oppleva ein sosial møteplass kor informasjon og kunnskap vert formidla, og erfaringar vert delte.
Ved å delta på pårørandeskule vil ein få meir kunnskap og mulighet til å møta andre med same utfordringar som seg sjølv.
Påmelding
Meld deg på via din kontaktperson i kommunen.
Arrangør
Kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal i samarbeid med Jæren demensforening.
Kontaktperson i Time kommune
Bente Lura, demenskoordinator: tlf. 904 071 10
epost: demenskoordinator@time.kommune.no