Vilkår
KDD har sendt to tilskotsbrev til kommunen, der føremålet med tildelinga er nærare omtalt.
Tilskotsbrev 17. desember 2021 (PDF, 204 kB)
Tilskotsbrev 22. desember 2021 (PDF, 831 kB)
Time kommune har i tillegg til føringar frå KDD mellom anna lagt til grunn talet på tilsette. Restaurantar, servering- og skjenkestader og verksemder som er direkte ramma gjennom skjenkeforbod som trådte i kraft onsdag 15.12.2021 eller anna pålegg om stenging er prioritert. Fullstendig utlysningstekst finn du her.
Prinsipp for tildeling går også fram av FSK 24/21.
Tildeling av koronamidler til næringslivet februar 2022
143 350,- kroner av summen Time kommune har motteke frå KDD er satt av til å dekka eventuelle klager som får medhald. Om det vert noko til overs frå potten som er sett av til klager vil dette beløpet bli fordelt på verksemdene som har fått tildelt støtte.
Ni søkarar fall utanom kriteria som var sette for tildeling: Bryne.no, Bryneklinikken, Day or Night AS, Elvira Effects, Klara Pil, Jærdagen/Jærnattå, Larszachariassen AS, Long Time Beauty, Treved AS.
Utvalet som står for tildelinga består av Andreas Vollsund (H), Petter Stabel (FrP), Jone Edland (AP), kommunedirektør Trygve Apeland, avdelingsleiar Innbyggarservice og kommunikasjon Odd Ivar Nese, spesialrådgjevar Reid Ivar Bjorland Dahl og kommuneadvokat Kristin Haugstad Fernholt.