Søk om koronamidler til næringslivet

Vipe Ingve Lende Er bedrifta di sterkt ramma av smitteverntiltaka? Då kan du søka kommunen om støtte. 

Time kommune har på fått tildelt om lag 2,6 millionar kroner i ekstraordinære statlege koronamidlar for støtte til næringslivet. Me oppfordrar alle relevante verksemder til å søka. 

Søknadsfristen er 7. februar 2022 

Kven kan søka? 

Verksemder i Time kommune som er, eller har vore hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak november 2021 til og med januar 2022 kan søka. 

Restaurantar, servering- og skjenkestader og verksemder som er direkte ramma gjennom skjenkeforbod som trådte i kraft onsdag 15.12 eller anna pålegg om stenging vert prioritert.  

Andre verksemder som kan dokumentera store kostnader/omsetningsfall som er indirekte ramma som f eks. overnatting, event/arrangement, selskapslokale, kulturliv og liknande, som av ulike grunnar fell utanfor andre kompensasjonsordningar vil også bli vurderte. 

Kor mykje kan du få? 

Søknadane vert vurderte og tildeling skjer etter ulike kriteriar basert på størrelsen (årsverk) til verksemda, dokumenterte utgifter eller inntektsbortfall knytta til restriksjonar, mangel av kompensasjon gjennom andre ordningar og moglege ringverknader. 

Den totale summen er om lag 2,6 millionar kroner den skal fordelast på fleire aktørar. 

Korleis kan eg søke? 

Oppdatert 8.2.2021: Søknadsfrist var 7.2.2021, og det er derfor ikkje lenger mogleg å søka.  

Før du søker bør du ha klar denne dokumentasjonen:  

  • Terminregnskap for september/oktober 2021 (termin 5).
  • Budsjett for november 2021, desember 2021, og januar 2022 til og med 14. januar 
  • Dokumentasjon på avbestillinger o.l. relatert til smitteverntiltak og økonomisk konsekvens for november 2021, desember 2021 og januar 2022 til og med 14. januar. 
  • Et oversiktlig oppsett over anslått tap i perioden, og hvor mye som er mottatt/ventes kompensert via andre støtteordninger for perioden.  
  • Verksemder etablert etter 1. november 2021, må legge ved anna dokumentasjon over salg og lønnskostnader. 

Når får du svar? 

Endeleg vedtak om tildeling vert fatta i løpet av februar, og utbetaling vil starta så raskt som mogleg etter dette. 

Generelt: 

Den økonomiske støtta reknast som offentleg støtte og fell inn under regelverket for bagatellmessig støtte. For å kunne få midlar frå kommunen, kan ikkje verksemda ha mottatt meir enn 200 000 euro i støtte frå det offentlege dei seinaste tre regnskapsåra. Det er verksemda sitt ansvar å følga opp totalbeløpet og halde seg innanfor ramma. Meir informasjon om regelverk for bagatellmessig støtte finn du her

Midlar mottatt gjennom den generelle kompensasjonsordninga for korona, er ikkje å rekna som bagatellmessig støtte.