Frå 1. mai 2026 innfører Time kommune gebyr for feilparkering av el-sparkesyklar. Formålet er å skapa tryggare og meir framkommelege gater og fortau for alle som ferdast i byen.
- Gebyr: 900 kroner per feilparkert el-sparkesykkel.
- Kontroll: Trafikkbetjentar frå Sandnes Parkering fører tilsyn og handhevar regelverket i heile kommunen.
Korleis unngår eg gebyr?
- Sørg for at el-sparkesykkelen ikkje hindrar ferdsel på fortau, gangfelt, sykkelveg eller ved innganger.
- Bruk merka parkeringssonar der dei finst – desse er markert i appen eller med skilt.
- Plasser el-sparkesykkelen rett og ryddig – unngå at han står skrått eller langt ut i vegbanen.
- Sjekk appen før du avsluttar turen – nokre område er merka som “ingen parkering”, og då får du ikkje avslutta leiga før du flyttar el-sparkesykkelen.
Bilete frå Sandnes som viser rett og feil parkering av el-sparkesyklar.
Sandnes Parkering
Korfor innførast gebyret?
Feilparkerte el-sparkesyklar har skapt utfordringar i bymiljøet ved å hindra fri ferdsel for gåande, personar med barnevogn eller rullestol, og andre trafikantar. Tiltaket skal bidra til ryddigare gater, betre tilgjengelegheit og tryggare forhold, særleg i sentrumsområda.
Kven får gebyret?
Når ein trafikkbetjent finn ein feilparkert el-sparkesykkel, skjer dette:
- Han/ho tek bilete og noterer nøyaktig posisjon.
- Gebyret registrerast på eigarselskapet (utleigar).
- Utleigeselskapet identifiserer kven som brukte el-sparkesykkelen sist og kan fakturera den aktuelle brukaren.
Appane til selskapa viser òg parkeringssoner (sjå under) og historikk som hjelper med å finna rett brukar.
Kan eg rapportera ein feilparkert el-sparkesykkel?
Ja, er han frå Voi kan du rapportera han ved å trykka på lenka under:
Meld frå om feilparkert sykkel frå Voi
Feilparkerte private el-sparkesyklar må eventuelt rapporterast til Sandnes Parkering.
Kor kan eg parkera?
Her er Voi sitt kart som viser dei ulike sonene på Bryne:

Forklaring:
- Raud ramme: Parkering forbode
- Svart ramme: Soner med låg fart
- Gul ramme: Ferdselsforbod
Reglar, råd og lenker
Dei nasjonale reglane for bruk av el-sparkesykkel er:
- 12 års aldersgrense
- Påbudt med hjelm for barn under 15 år
- Promillegrense 0,2
- Det er berre lov å køyra ein person på el-sparkesykkelen
- El-sparkesykkel er klassifisert som lita elektrisk motorvogn, det innebér strengare trafikkreglar enn for syklistar
- Straff og bøter ved køyring i ruspåverka tilstand
- Krav om ansvarsforsikring for køyretøyet
Meir info finn du her: Trafikkreglar for el-sparkesyklar (Statens Vegvesen)
“Forslag til korleis el-sparkesyklar og utleigeselskap skal handterast i Time,” vedtak i Time kommunestyre 18. februar 2026