Vasskvalitet Time kommune får drikkevatnet frå IVAR (interkommunalt vann- og avløpsverk). IVAR leverer drikkevatnet på kommunegrensa, og Time kommunes vassleidningsnett fører vatnet vidare til deg. Utover IVAR si overvåking av drikkevasskvaliteten har Time kommune eit fast program for å ta prøver av vassleidningsnettet sitt. Hardheit Drikkevatnet i Time kommune er “mjukt” med ein verdi på 3 ºdH. Det er derfor ikkje nødvendig å bruka blautgjeringsmiddel eller saltar i vaskemaskinen. Sårbare abonnentar Ved driftsforstyrring på vassleidningsnettet er det spesielt låg terskel for å varsla såkalla sårbare abonnentar. Me tilbyr denne tenesta spesielt til verksemder som er avhengig av vassforsyninga i den daglege drifta. Du registrerer sjølv kva telefonnummer som skal få sms-varsling ved stenging av vatnet. Sist endra 27.01.2023 11.40