Tilskotsordningar



Tilskotsordning for private avløpsreinseanlegg

Time kommune kan gi stønad til kostnaskrevande vatn- og avløpsløysingar. Dei siste åra har kommunen løyva kr 300 000,- i årleg tilskot til stønadsordninga. Tildeling av midler for neste år vert vurdert i samband med utarbeiing av kommunen sin økonomiplan i november/desember. Tiltak som hindrar eller reduserer fare for forureining, som til dømes private avløpsreinseanlegg vert prioritert. Det kan og søkast om tilskot til privat vassforsyning, som til dømes brønnboring.

Spørsmål om stønadsordninga kan rettast til Time kommune si avdeling for vatn- og avløp.

 

Tilskot til kostnadskrevande private vatn- og avløpsløysingar for 2023
 

Tildeling av midler til kommunen si tilskotsordning vert vurdert i desember, som ein del av arbeidet med neste års økonomiplan. Det kan søkast om tilskot til nye avløpsreinseanlegg som oppfyller gjeldande vilkår, når ferdigmelding for avløpsreinseanlegget er motteke av Time kommune. Tilskot for 2023 vert tildelt i januar eller februar 2024. Kommunen kan tildela tilskot på inntil kr 50 000,- til kvar søkar. Antall søkarar som oppfyller dei ulike vilkåra, vil vera avgjerande for storleiken på tilskotet, som kvar søkar får frå kommunen.

 

Private avløpsreinseanlegg

Viss du har eit privat avløpsreinseanlegg, som ikkje er i forskriftsmessig stand og du ikkje kan knyta bustaden til kommunalt leidningsnett, må du ta kontakt med ein røyrleggar eller entreprenør, som kan hjelpa deg med å søka kommunen om oppgradering eller utskifting av eksisterande avløpsreinseanlegg. Alle som har eit privat avløpsreinseanlegg har plikt til å vera med i den kommunale tømmeordninga for avløpsslam.


 

Reglar og skjema


Skjema for søknad om utsleppsløyve for private avløpsanlegg skal registrerast i entreprenørportalen. Har du ikkje brukar kan du registrere deg på:
https://tenantmanager.onpowel.com/Registration.

 

Viss du har eit avløpsreinseanlegg som har feil eller manglar, som må oppgraderast eller skiftast ut, kan du ta kontakt med Time kommune.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00