Private avløpsreinseanlegg

Planlegg du, eller har du, ein bustad eller anna bygning med innlagt vatn frå brønn eller kommunalt vassnett, men som ikkje kan knytast til kommunalt avløpsnett? Då må du ta kontakt med ein røyrleggar. Han kan hjelpa deg med søknad om løyve for utslepp av sanitært avløpsvatn frå privat avløpsreinseanlegg.

Særlege reglar for driftsbygningar på gardsbruk m.m. er gitt i gjeldande forskrift for vatn og avløpsgebyr (PDF, 4 MB), § 10.

Du kan få støtte

Time kommunen har ei stønadsordning (PDF, 20 kB) for kostnadskrevjande vass- og avløpsanlegg. Du kan også ta kontakt med Time kommune si avdeling for vatn og avløp, så vil du få hjelp og informasjon. Alle som har eit privat avløpsanlegg har plikt til å vera med på kommunal tømmeordning.

Reglar og skjema

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00