Privat vassforsyningDeler du brønn med naboen? Alle vassforsyningssystem må registrerast hos Mattilsynet. Det gjeld og dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon og lenke til registreringsskjema finn du på mattilsynet.no.Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonenRegistreringa er gratis og Mattilsynet har utvikla eit mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjemaet registrerer du plasseringa til vassforyningssystemet ved å markera det i kartet, i tillegg til å svare på nokre få tilleggsspørsmål.Fordelar med å registrera vassforsyningssystemetKommunen får tilgong til informasjonen frå Mattilsynet og dei som jobbar med planlegging hos oss kan ta hensyn til brønnen og brønnområdet på eit tidleg tidspunkt der det er aktuelt.Drikkevatnet skal vera trygt – og frå små vassforsyningssystemDet er sett tydelege krav til trygt drikkevatn, og frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal registrerast står i drikkevannsforskrifta § 17. Ein definisjon på kva ein vassforsyningssystem er står i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Dokumentet Informasjon til de minste vannforsyningssystemene gir nyttig informasjon som er spesielt berekna på små vassforsyningssystem.Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynets sentralbord på telefon 22 40 00 00 og spør om å få snakka med di lokale avdeling. Sist endra 27.01.2023 11.40