Hushaldsavfall

I Time kommune skal alt avfall kjeldesorterast.

Sorteringsguiden gjev tips og råd om kor du skal kaste dei ulike avfallstypane som oppstår i ei hushaldning. Me har òg laga vår eigen lille hjelpar, den finn du under (trykk her (PDF, 708 kB) for å få opp ein større PDF-versjon):

Sorteringsguide for Time kommune 2026 - Klikk for stort bilete

 

På tømmedagen skal avfallsdunken plasserast i vegkanten i kjøreruta. Tømmedagen finn du i tømmekalenderen og renovasjonsappen. Tømmekalenderen blir oppdatert i desember kvart år, og viser ei oversikt over renovasjonsrutene og kva dag dei ulike avfallstypane blir henta.

Kommunen hentar følgande kjeldesortert avfall hos deg:

Restavfall
Papp- og papiravfall
Mat- og hageavfall
Plastavfall
Glas- og metallemballasje
Grovavfall
Farleg avfall
Avvik i renovasjonstenesta?
Lover og reglar

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00