Avfallsabonnement

Renovasjon - Avfallsabonnement

Standard abonnement

Eit standard abonnement består av

  • Restavfall på 120 liter (grå dunk)
  • Papir på 240 liter (blå dunk)
  • Matavfall/organisk avfall på 140 liter (brun dunk)

eller

  • Tilknytning til nedgravne avfallskonteinarar
Prisar, bestilling og endring av bossdunkar

Bestilling eller endring av bossdunkar. Prisar er oppgitt i skjemaet. Treng du meir volum av det eine eller andre slaget, vil gebyret auka. Har du nedgrave avfallsanlegg, betalar du det same som for eit standart abonnement.

 

Kompostavtale

Vil du heimekompostera, får du 25% reduksjon i renovasjonsgebyret dersom du skriv kompostavtale. Her finn du informasjon om heimekompostering.

Kompostavtale (PDF, 8 kB) er ein avtale du skriv med kommunen om at du komposterer ditt eige matavfall i ein godkjent varmkompostbinge. Kommunen hentar då inn den brune avfallsdunken for organisk avfall.

For å få kompostavtale med kommunen må du gå på kompostkurs. Det går kurs ca. 6 gonger i året. Her finn du informasjon om kompostkurs, kursdatoar og påmelding.

Matavfall skal komposterast i ein varmkompostbinge som er godkjent for matavfall. Du får kjøpt godkjente kompostbingar i fleire hagesentere og jernvarebutikkar.

Tomt hus i lengre periode

Dersom du er borte frå heimen over ein lengre periode, kan du søka om fritak frå delar av renovasjonsgebyret. Sjå § 14 i Avfallsforskrifta (PDF, 941 kB) om unntak, fritak, dispensasjonar og klager.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00