Registrer målarstand
Time kommune ber deg kvart år om å lesa av målarstanden på vassmålaren din. Nytt for i år er at me sender ut SMS til alle abonnenter som er registrert med mobilnummer. Dersom du har fått SMS, registrerer du målarstanden din ved å klikke på linken i SMSen. Me sender ut vassmålarkort til alle som ikkje får SMS. Du vil motta dette i din digitale postkasse eller i Altinn, dersom du har dette, alle andre får tilsendt vassmålarkortet i posten.
På vassmålarkortet finn du kundenummer og passord som du kan bruka for å registrera målarstanden her. Du kan også senda inn vassmålarkortet i posten.
Siste frist for avlesing
Siste frist for avlesing er 20. desember. Du er sjølv ansvarleg for den årlege avlesinga av forbruket. For manglande avlesning kjem eit gebyr på kr 1 500,- .
Vassmålaren er eigd av kommunen og du betalar for så mykje vatn du brukar. For å oppdaga eventuelle lekkasjar er det derfor lurt å lesa av vassmålaren jamleg.