FeittutskiljarDet er ulovleg å sleppa feitt ut i avløpsnettet (referer forskrift om påslepp av feittholdig avløpsvatn). Derfor skal alle verksemder som produserer eller serverer mat, ha feittutskiljar. Fett i avløp fører til driftsproblem og med tida tette røyr som gjer avløpstenesa dyrare for deg. Får du tette røyr på ditt private nett, kan du òg risikera tilbakeslag, og at du må betala heile utbetringa sjølv. Tilbakeslag vil seia at avløpsvatnet ikkje kjem gjennom røyret, men tilbake opp gjennom sluken. Er det nok mat og fett i røyra, treng ikkje rottene å forlata kloakken for å finna mat, og då formeirar dei seg raskt. Søka om å etablera feittutskiljar Etablering av feittutskiljar er søknadspliktig i samsvar med plan- og bygningslova og søknad om påslepp må vera knytt til eit sanitærabonnement. Ein søknad skal innehalda: Søknad om påslepp til kommunalt avløpsnett. Den ansvarlege for verksemda må sjå til at utskiljaren er dimensjonert, installert og drifta i samsvar med Norsk Standard NS-EN-1825 1 og NS-EN-1825 2 Drift og rapportering Verksemda er ansvarleg for at informasjonen under skal vera send kommunen innan 1. februar for føregåande år. Dokumentasjon som syner kor dei utskilte massane blei levert Driftsjournal feittutskiljar anlegg (PDF, 177 kB) Årsrapport for feittutskiljaranlegg (PDF, 95 kB) Analyserapportar av vassprøvar Lover, reglar og retningsliner Forskrift om påslipp av olje- og fettholdig avløpsvann (PDF, 819 kB) Forurensingsforskriften NS-EN-1825 1 NS-EN-1825 2 Sist endra 27.01.2023 10.40