Avfall ved riving

For tiltaka under skal det lagast ein avfallsplan som gjer greie for planlagt handtering av avfall, fordelt på avfallstype og avfallsmengd:

  • Oppføring, tilbygg, påbygg og underbygging av bygningar der tiltaket er på meir enn 300 m² BRA.
  • Vesentleg endring, som fasadeendring eller vesentleg reparasjon av bygning, dersom tiltaket påverkar del av bygning som er større enn 100 m² BRA.
  • Riving av bygning eller del av bygning som er større enn 100 m² BRA.
  • Oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg der tiltaket genererer over 10 tonn bygge- og rivingsavfall.

Tiltak som omfattar fleire bygningar, konstruksjonar eller anlegg skal vurderast under eitt. For meir informasjon, sjå direktoratet for byggkvalitet si nettside om avfall- og miljøsanering. Både byggfirma og konsulentar har ofte erfaring med avfalls- og miljøsaneringsplanar, og kan gi råd og rettleiing ved rivetiltak.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00