Varsel om oppstart av Plan 202506 - Detaljregulering av Meieritomta, Bryne sentrum

Aros Arkitekter på vegne av Meierigaarden AS, gjev med dette melding om at følgjande reguleringsarbeid er satt i gong i samsvar med § 12-8 og § 17-4 i Plan- og bygningslova:

 Plan 202506 - Detaljregulering av Meieritomta, Bryne sentrum 

 Føremålet med planarbeidet er å skape gode vilkår for å etablere eit kvartal med bustadar, tenesteyting/ næring og forretning (sentrumsformål) og samstundes balansere det opp mot kulturvern av bygget til Gamle Jæren Meieri. Planforslaget skal retta seg etter gjeldene kommunedelplan for Bryne Sentrum og overordna planar.  

Mer informasjon om planlagte tiltak og planarbeidet finn du i vedlagte Planinitiativ og referat frå oppstartsmøte. 

Tiltaket er vurdert å ikkje løyse ut krav til konsekvensutgreiing (KU) etter plan- og bygningslova § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing. 

Samstundes varslas det oppstart av forhandlingar mellom Meierigaarden AS  og Time kommune om utbyggingsavtale etter plan og bygningslovas § 17-4.   Hovedspørsmålet som utbyggingsavtalen skal ta opp er opparbeidelseskrav i forbindelse med utbygging/oppgradering av teknisk infrastruktur. Når utbyggingsavtale er inngått vil denne bli kunngjort.

Frist for innspel er 14.09.2025 og kan sendast på e-post til kbk@aros.no med kopi til post@time.kommune.no.  Alternativt ved brev til Aros Arkitekter AS v/ Kristin B. Kvaløy, Havnegata 15, 4306 Sandnes med kopi til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne.

Offentlege myndigheitar og organisasjonar, råka naboar, samt grunneigara/festare og rettigheitshavara vil få eige brev. 

Vedlegg: 

01 Planintiativ (PDF, 12 MB) 

02 Stedsanalyse (PDF, 17 MB)

03 Referat frå oppstartsmøte (DOCX, 3 MB)