Når ein eigedom manglar grensemerke, kan kommunen setta ut nye merke.
For eigedommar der grensene er nøyaktige i kartgrunnlaget, blir grensemerka sett direkte ut i marka. Grunneigarar og naboar får skriftleg informasjon om kva for grensepunkt som er markert.
For eigedommar der grensene er av dårligare kvalitet i kartgrunnlaget, vert det gjennomført ei oppmålingsforretning ute i marka. Ønska grense blir då bestemt av aktuelle partar. Kommunen set ned grensemerke der partane vert samde om at dei skal stå.
Dersom grenseutsetjinga fører til at grensene blir endra vesentleg i kartgrunnlaget (13 cm eller meir), sender kommunen ut nytt matrikkelbrev for eigedommane til dei aktuelle partane.
Kommunen tek betalt for denne tenesta.
Søknadsskjema
Klage
Oppmålingsforretning i samband med grensepåvising kan påklagast av partane innan 3 veker etter at resultatet for oppmålingsforretninga er gjort kjent.
Sist endra 27.01.2023 11.40